Avdelingsleiar i heimetenesta Selje/Stadlandet - vikariat

Stilling
Avdelingsleiar i heimetenesta Selje/Stadlandet - vikariat
Lokasjon
Selje
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Heimetenesta har ledig 100 % vikariat som leiar for avdelinga Selje/Stadlandet frå snarast råd til 01.10.2027, med moglegheit for forlenging ut 2027.

Avdelingsleiar er organisert under einingsleiar for heimetenesta og har ei nøkkelrolle i leiarteamet i eininga. Leiarrolla i heimetenesta inneber ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil få høve til personleg utvikling, samt vere med å påverke utviklinga i tenesta.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.

Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.

Vi søkjer deg som er innovativ og som likar å jobbe med kontinuerleg forbetringsarbeid. Du ønskjer å skape gode resultat, trivast med ansvar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga og bidra til å forme framtidas tenester i heimetenesta i Stad kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Leie den daglege drifta i eininga saman med leiarteam
  • Utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette 
  • Dagleg oppfølging i ajourhald i RS og vikarbooking
  • Oppfølging av tilsette ved sjukefråver
  • Medansvar for faglege vurderingar, rettleiing av personale og utvikling av eininga
  • Ansvar for møter med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Oppfølging av internkontrollsystem 
  • Delta i økonomistyring og ansvar for innkjøp i samarbeid med einingsleiar
  • Organisering av lærlingar og studentar
  • Medansvar i rekrutteringsprosessar
  • Oppfølging nytilsette i samarbeid med personale

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar.
  • Ha god rolle-, system- og organisasjonsforståing.
  • Vere oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
  • Kunne tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Ha gode strategiske og analytiske evner
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Er strukturert, nøyaktig og systematisk
  • Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
  • Er sjølvstendig, løysingsorientert og endringsvillig
  • Er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet og utvikling i tenestene
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å skape tillit og tryggleik
  • Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og har evne til å ta avgjerder og følgje desse opp
  • Har evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar
  • Har god gjennomføringsevne og evne til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag
  • Er fleksibel og handterer utfordringar og endringar på ein konstruktiv måte
  • Har evne til å sjå heilskapen og bidra til samarbeid på tvers av fagområde og teneste

Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Godt og nært tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Oppgje referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon

Barbro Longva, Kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5191437509
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 01.11.2026

Kontaktpersoner
Barbro Longva
Kommunalsjef helse og omsorg
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter