Arbeidsrettleiar -- 100 % fast stilling

Stilling
Arbeidsrettleiar
Lokasjon
Etne
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
6 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Spira utvikling AS er ei arbeidsinkluderingsbedrift i Etne som gir menneske moglegheit til å utvikle seg gjennom meiningsfullt arbeid.

Vi tilbyr arbeidstrening, varig tilrettelagt arbeid (VTA) og driv vaskeri- og tekstiltenester for private og offentlege kundar.

Bedrifta har om lag 60 tilsette, og vi er stolte av eit arbeidsmiljø prega av omsorg, respekt og samhald.

No søkjer vi ein engasjert og strukturert arbeidsrettleiar til produksjon i vaskeriet som vil vere med og gjere ein forskjell for deltakarane våre, samtidig som produksjonen går som den skal.

Arbeidsoppgåver
  • Overordna ansvar for eit produksjonsområde eller ei avdeling i vaskeriet, med aktiv deltaking, planlegging og oppfølging av produksjonen.
  • Instruksjon, rettleiing og tilrettelegging av arbeidsoppgåver for deltakerar ut frå den enkelte sine føresetnader, inkludert utarbeiding og oppfølging av kvalifiseringsplanar
  • Rapportering, evaluering og oppfølging av kravspesifikasjonen til NAV, samt medarbeidsamtalar, journalføring og fråværsføring for eigne arbeidstakerar
  • Forbetring og utvikling av rutinar.
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning innan helse- og sosialfag, pedagogikk, fagbrev eller tilsvarande.
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Erfaring frå rettleiing, attføring eller arbeid med menneske som treng tilrettelegging er ein fordel
  • Erfaring med å leie eller koordinere produksjon er ein fordel
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • Du likar å arbeide med menneske og har tru på at alle kan bidra
  • Du er tolmodig, tydeleg og løysingsorientert
  • Du er strukturert og har god arbeidskapasitet
  • Du trivst med å arbeide praktisk og tek ansvar
  • Du samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag der du ser resultat av innsatsen din
  • Varierte arbeidsoppgåver i ei bedrift i utvikling
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Opplæring og moglegheit for fagleg utvikling
  • Løn etter avtale

Det må leggjast fram godkjend politiattest før tilsetjing.

Tiltreding: etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettast til Herborg Helland administrasjonsleiar, på telefon 928 28 659 eller e-post herborg@spirautvikling.no.

Søknad med CV sendes til herborg@spirautvikling.no

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter