Kunderådgjevar digital

Stilling
Kunderådgjevar digital
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
2
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. nov.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Bygg gode relasjonar med kundar digitalt 

Vi ser etter ein kunderådgjevar som vil skape gode kundeopplevingar og bygge relasjonar digitalt. Du får ansvar for kundar som møter oss på telefon og skjerm, og skal gi gode råd tilpassa behova deira. 

Vi ser etter deg som skapar relasjonar, utviklar di eiga kundeportefølje og får resultat. Du blir motivert av å vinne nye kundar, bygge tillit over tid og sjå at eigen innsats gir konkrete resultat. 

I SpareBank 1 Sogn og Fjordane kombinerer vi sterke røter som lokal sparebank med digitale løysingar som gjer det enkelt for kundane å bruke oss, uavhengig av kvar dei bur. 

Som Kunderådgjevar Digital blir du ein viktig kontaktperson for kundane dine. Du gir råd gjennom ulike fasar i livet og bygger relasjonar som varer, sjølv om møta skjer digitalt. 

Dine hovudoppgåver vil vere:   

  • Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån og forsikring    
  • Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje   
  • Bygge relasjonar til nye og eksisterande kundar   
  • Skape gode kundeopplevingar gjennom tett dialog og gode relasjonar   
  • Bidra til samarbeid, deling av kunnskap og felles måloppnåing i regionen   

Dette ser vi etter   

Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i møtet med kundane.   

Samtidig trivst du med å ta initiativ, få kontakt med nye kundar og bygge gode relasjonar. Du likar å skape nye moglegheiter og jobbar målretta for å få resultat. 

Det er ein fordel at du har erfaring frå bank, finans, forsikring eller anna relevant rådgjeving. Høgare utdanning og autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har motivasjon til å lære og utvikle deg vidare.   

 

Difor skal du søke hos oss   

Vi er eit spennande finanshus med breitt fagmiljø og ein offensiv strategi. Hos oss kan du utvikle deg, og kjem du med gode initiativ er det kort veg til å sette desse i verks.   

Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Du får tildelt eigenkapitalbevis det første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK-bevis. I tillegg får du funksjonærlån med god rente, gode tilsettebetingelsar på sparing og forsikring og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.   

Banksjef Brage Bøyum svarar gjerne på spørsmåla dine om du lurer på noko.   

Søknadsfrist: 25.november

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.   

Søkjarar som får tilbod om stillinga, må leggje fram vandelsattest.   

  

 

 

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter