Ledige stillingar
Søvik & Ramstad AS søker fleire tilsette grunna auka oppdragsmengde
Me har fleire ledige stillingar som trafikkdirigent. Oppstart snarast, så dersom du er klar til å byrje i arbeid med ein gong, vil me gjerne høyre frå deg. Det er viktig at du kan kommunisere godt både skriftleg og munnleg på norsk.
Me har behov for både fast ansatte i deltidsstillingar, samt tilkallingsvikarar.Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav -- me sørgjer for at du får all nødvendig opplæring. Me ordnar kurs i Arbeidsvarsling 1 og 3. Førarkort klasse B er eit krav, og det er ein fordel dersom du også har klasse BE.
Det blir gjennomført nødvendige arbeidsvarslingskurs den 05. og 06. oktober, og søkere som kan stille på disse vil bli prioritert.
Kva me tilbyr• Ein variert arbeidskvardag
• Eit godt arbeidsmiljø
• Løn og vilkår i tråd med tariffavtale
Arbeidsområdet vil hovudsakleg vere i Odda, Etne, Røldal, Suldal og Haugalandet.
Arbeidsoppgåver for trafikkdirigentar• Manuell trafikkdirigering
• Ledebilkjøring
• Oppsetting, kontroll og nedtaking av mellombels skilting
• Kommunikasjon på norsk
Arbeidet skjer som oftast i samband med planlagde vegarbeid, men me rykker også ut ved akutte situasjonar som flaum, ras eller andre hendingar som påverkar framkomst på vegen.
Er du klar til å bli ein del av vårt team? Send oss di søknad i dag!
**Karoline -**karoline@sovik-ramstad.no