Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre?

Stilling
Vikariat for sjukepleiar/vernepleiar/helsefag
Lokasjon
Voss
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
09. des.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Helse og omsorg i Voss herad arbeider etter tillitsmodellen, med pasienten i sentrum og medarbeidarar som kan, vil og tør. I Sone Vest får du arbeide i eit kompetent fagmiljø med kunnskapsrike og dedikerte kollegaer. Me er stolte av eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel, og me veit at gode tenester til brukarane våre også krev gode arbeidsvilkår for medarbeidarane.

Me har no følgjande ledige stillingar

Sjukepleiar / vernepleiar - nattevakt

  • 60 % vikariat i eitt år
  • Oppstart 4. januar 2027
  • Arbeid kvar tredje helg

Helsefagarbeidar / vernepleiar

  • Vikariat i inntil 100 % stilling, med moglegheit for fast tilsetjing
  • Vikariat frå 1. desember 2026 til 30. april 2027
  • Todelt turnus (dag/kveld)
  • Arbeid kvar tredje helg
  • Moglegheit for ekstravakter gjennom året og i sommarperioden

Om arbeidsplassen

Heimetenesta i Sone Vest har base på Voss sjukeheim og yter tenester til heimebuande i området frå Vosso til Bolstadøyri.

Me nyttar årsturnus som gir føreseieleg arbeidstid og god kontinuitet for brukarane våre. Som tilsett får du høve til å påverka eigen arbeidsrotasjon, med moglegheit for:

  • Todelt eller tredelt turnus
  • Langvakter i turnus
  • Turnusløysingar som tek omsyn til både drift og livssituasjon

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde, tett samarbeid og gode utviklingsmoglegheiter.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar/vernepleiar i Sone Vest vil du mellom anna:

  • Utføra faglege oppgåver knytt til kartlegging, behandling, observasjon og pleie
  • Bidra til å ivareta brukarane sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
  • Handtera legemiddel på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
  • Dokumentera, saksbehandla og utarbeida samt evaluera tiltaksplanar
  • Rettleia og læra opp kollegaer
  • Bidra til fagutvikling og internundervisning
  • Samarbeida med pasientar, pårørande, legar og anna helsepersonell
  • Ta i bruk og vidareutvikla velferdsteknologi

For helsefagarbeidar/vernepleiarstillinga vil praktisk brukaroppfølging, pleie, observasjon, dokumentasjon og samarbeid med pårørande og kollegaer stå sentralt.

Kvalifikasjonar

Sjukepleiar/vernepleiar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B

Helsefagarbeidar/vernepleiar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller vernepleiar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Kven ser me etter?

Me ønskjer medarbeidarar som:

  • Er fagleg trygge og engasjerte
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Tek ansvar og har god gjennomføringsevne
  • Møter menneske med respekt, empati og omsorg
  • Samarbeider godt med andre
  • Ser moglegheiter når utfordringar oppstår

Og ja – det hjelper om du kan handtera både kvardagslege utfordringar og den evige jakta på kvar arbeidstelefonen vart lagd sist.

Me tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Leiarar som har tillit til medarbeidarane sine og ønskjer å gi ansvar
  • Eigen kompetanseplan som sikrar kontinuerleg fagleg utvikling
  • Nært tverrfagleg samarbeid
  • Spanande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor fagleg breidde
  • Årsturnus som gir høve til påverknad på eigen arbeidskvardag

Velkomen til Sone Vest

Hos oss får du bruke kompetansen din der han betyr mest – tett på menneske som har behov for støtte, behandling og omsorg i kvardagen.

Velkomen som søkjar – me gler oss til å høyre frå deg!

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Magnhild Grønningsæter
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter