Stabsjef
Vi er Solund kommune, og ser etter stabsleiar til kommunedirektøren sin stab. Som stabsleiar vil du ha ansvar for alle sentraliserte stabsfunksjonar i kommunen som økonomi, arkiv, personal, IKT, politisk sekretariat, bustad og beredskap. Du vert ein del av kommunedirektøren sin leiargruppe, og vil være stadfortredar for kommunedirektøren. Du får ein sentral rolle i så vel den daglege drifta, som den strategiske utviklinga av Solund kommune.
Ansvarsområda er svært varierte, og du vil få god støtte av dei seks faste tilsette i Staben, fleire interkommunale samarbeid og ein rekke andre eksterne aktørar som: Statsforvaltaren, KS og Vestland fylkeskommune. Du må raskt kunne sette deg inn i nye problemstillingar og samarbeide godt i ulike strukturar.
Sentrale arbeidsoppgåver:- Organisere og vidareutvikle Staben og stabsfunksjonane
- Ha personal- og økonomiansvar for Staben
- Førebu, og følge opp, saker til politisk handsaming
- Sakshandsame innanfor ein rekke ulike særlover og ordningar
- Innføre og administrere ulike IKT-system i kommunen
- Delta på vegne av Solund kommune i ulike interkommunale og regional samarbeid og samlingar
Du må være fleksibel og ikkje redd for å ta i eit tak. Organisasjonen er stadig i utvikling og vi må handtere stort og smått som skjer i kvardagen.
Vi ser etter deg som gjerne har:- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, til dømes innan jus, administrasjon eller økonomi
- Forståing for kryssingspunktet mellom politikk og administrasjon
- Erfaring frå offentleg sektor, gjerne som leiar
- Løn etter avtale
- Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her
- Solund kommune er ein distriktskommune i sentralitetsindeks 6. Det betyr at du kan ha rett til sletting av studielån gjennom ordninga til Lånekassen. Du kan lese meir om ordninga her
Så om det freistar med ein variert kvardag og korte styringsliner, ta gjerne kontakt med kommunedirektør Jens-Eivind Kobbeltvedt på 95814300 for ein prat, han gler seg til å høyre frå deg!
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.