Vikariat som terapeut i Rask psykisk helsehjelp
Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rustenesta i Sogndal kommune. Tilbodet vart starta hausten 2022. Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit kommunalt behandlingstilbod for ungdom og vaksne over 16 år med milde til moderate angst- og depresjonsplagar, søvnvanskar og/eller begynnande rusproblematikk. Tilbodet baserer seg på kognitiv åtferdsterapi, og tilbyr rettleiing i bruk av sjølvhjelpsmateriell, kurs-/grupper og individuell samtaleterapi av relativt kort varigheit.
Me har no ledig eit 100% vikariat som terapeut i perioden 01.11.26 til 31.10.27.
Det kan mogeleg innebære arbeid som koordinator i teamet tilsvarande 20 % av stillinga. Som koordinator vil ein delta på inntaksmøte og ha den daglege drifta av teamet i høve pasientflyt.
Alle tilsette i Rask psykisk helsehjelp skal ha eller vere under vidareutdanning i kognitiv terapi basert på modellen for Rask psykisk helsehjelp.
Hovudoppgåve:
- Være med å halde kurs- og gruppetilbod
- Terapeutisk arbeid, derav individuelle samtalar og rettleia sjølvhjelp
- Kartlegging og vurdering i individuelle brukarsaker
Kvalifikasjonar:
- 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
- Videreutdanning eller vere under videreutdanning i Rask psykisk helsehjelp
- Ynskjeleg med erfaring frå terapeutisk arbeid innan psykisk helse og rus
- Vidareutdanning eller under utdanning innan kognitiv terapi eller psykisk helse og/eller rusarbeid vil være eit føremonn
- Ynskjeleg med erfaring frå helsefremmande og førebyggjande arbeid innan psykisk helse
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum nivå B2
Personlege eigeskaper:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God digital kompetanse
- Nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
- Trivest med utviklings- og forbetringsoppgåver
- Arbeider strukturert og målretta
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, og dele kunnskap og erfaring
- Stor arbeidskapasitet og evner å prioritere arbeidsmengde
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
- Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Gratis tilsettetrening
- Lønn etter tariffavtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000 kr gjeld for deg som har bustadadresse i Sogndal kommune. Sjå lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her