Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal

Stilling
Tenesteleiar for helsestasjonen i Sogndal
Lokasjon
Sogndal
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. okt.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og forme framtida for barn og unge i Sogndal?

Gode oppvekstvilkår vert skapte når barn og unge opplever meistring, tilhøyrsle og tryggleik, og får støtta dei treng når dei treng det. I Sogndal kommune arbeider me kvar dag for å gje gode og likeverdige tenester som fremjar psykisk og fysisk helse og førebyggjer utanforskap.

No søkjer me leiar for helsestasjonen. Du får ansvar for å leie og vidareutvikle ei sentral teneste i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet for barn og unge, samstundes som du får ei viktig rolle i utviklinga av oppvekstsektoren i kommunen.

Du vert ein del av eit tverrfagleg leiarteam som saman arbeider for å gje best mogleg oppvekstvilkår for barn og unge. Gjennom samspel, felles ansvar og deling av kompetanse skal me utvikle heilskaplege og inkluderande tenester som er tilpassa behova til barn, unge og familiar.

Sogndal kommune har ambisjonar om å vere blant dei beste kommunane i landet på oppvekst. Me ser difor etter ein leiar som ønskjer å utvikle helsestasjonstenestene spesielt og oppvekstsektoren generelt.

Hjå oss møter du dyktige medarbeidarar, sterke fagmiljø og ei kommuneleiing med høge ambisjonar på vegner av barn og unge.

Arbeidsoppgåver

Som leiar for helsestasjonen skal du:

  • Ha fag-, personal- og budsjettansvar
  • Leie og vidareutvikle helsestasjon- og skulehelsetenesta, samt barn, unge og familiestøtte
  • Sikre likeverdige, samordna og kunnskapsbaserte tenester med høg kvalitet
  • Vere ein pådrivar for tidleg innsats, førebygging og helsefremjande arbeid
  • Bidra til at barn og unge si stemme vert høyrd i utviklinga av tenestene
  • Bidra til sektoren sitt utviklings- og kvalitetsarbeid gjennom å følgje opp vedtekne satsingar og prioriteringar
  • Styrkje det tverrfaglege samarbeidet for barn og unge og familiane deira, både internt og eksternt, mellom anna gjennom å vidareutvikle arenaer og ein delingskultur for samhandling i sektoren og på tvers av sektorar
  • Ta i bruk nye teknologiske løysingar som styrkjer samarbeid, kvalitet og tenesteutvikling
  • Sikre systematisk internkontroll og ansvarleg drift i tråd med lovverk, budsjett og politiske vedtak

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

  • Offentleg godkjenning som helsesjukepleiar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
  • Førarkort klasse b

Det er ønskjeleg at du har anten mastergrad innan helsefag eller leiing, eller erfaring med leiing og utviklingsarbeid.

Kven ser me etter?

Me ser etter ein leiar som samarbeider og kommuniserer godt, byggjer tillit og skaper gode relasjonar. Du har fagleg engasjement og utviklingsvilje, og arbeider systematisk og målretta med utvikling og kvalitetsforbetring.

Du må evne å organisere, prioritere og gjennomføre naudsynte endringar. Du har erfaring med og forståing for tverrfagleg arbeid, tidleg innsats, førebyggjande arbeid og helsefremjande arbeid for barn og unge. Som leiar skal du òg kunne motivere medarbeidarar og bidra til å utvikle sterke fagmiljø.

Me tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Høve til å påverke utviklinga av tenestene for barn og unge i kommunen

Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuell for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.

Mangfald og inkludering

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Kenth Rune Teigen Måren
Kommunalsjef Oppvekst
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter