Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal
Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar i heimetenesta, og håpar du vil bli vår nye kollega!
Me har følgjande stillingar ledig:
100 % fast helsefagarbeidar
50% fast helsefagarbeidar
Som helsefagarbeidar i heimetenesta blir du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.
Me er oppteken av å gi tilsette eit godt møte med tenesta og god opplæring før ein går sjølvstendig i oppgåvene sine. Dei som vert tilsett får eit opplæringsløp tilrettelagt for den enkelte.
Arbeidstid:
- 3-delt turnus
- Moglegheit for arbeid 3.kvar helg eller langvakter 4. kvar helg
- Fleksible turnusløysingar og årsturnus
Arbeidsoppgåver:
- Utføre heilheitleg pleie, omsorg og behandling
- Observasjon, oppfølging og kartlegging av pasientar sine behov og funksjon
- Legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem
- Rettleiing av lærlingar, studentar og nytilsette
- Bidra til kvalitetsforbetring og fagutvikling
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid
- Samarbeide tett med sjukepleiarar, legar, terapeutar for å sikre gode og helheitlege pasientforløp
Kvalifikasjonar:
- Godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Ønskjeleg med relevant erfaring i kommunehelseteneste
- Må beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Er løysingsorientert og positiv
- Er fagleg sterk og trygg i rolla som helsefagarbeidar – også trygg på å seie i frå om når ein treng meir opplæring
- Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Taklar ein uforutsett og variert arbeidskvardag
- Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Sterkt fagleg miljø, med eigen fagsjukepleiar og godt samarbeid med andre tenester i kommunen
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsette får ei prøvetid på seks månader.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Link til søknadsskjema: Søk her