Familierettleiar / tiltakskonsulent

Stilling
Familierettleiar / tiltakskonsulent
Lokasjon
Sogndal
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
07. des.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du jobbe tett på barn og familiar og bidra til endring?

Sogn barnevernsteneste søkjer to familierettleiarar/tiltakskonsulentar. Me har ledig éi fast stilling og eitt vikariat på eitt år, begge i 100 %.

Hos oss får du arbeide med barn, unge og familiar, følgje opp tiltak og samarbeide med familiane og nettverket rundt dei. Du blir ein del av eit team på inntil sju personar med eigen teamleiar.

Du kan velje om du vil ha base i Lærdal eller Sogndal. Reiseverksemd må påreknast.

Om Sogn barnevernsteneste
Frå 1. januar 2027 blir det etablert ei felles barnevernsteneste for kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal kommune er vertskommune for den nye tenesta, som vil ha kontorlokasjonar på begge sider av Sognefjorden.

Me skal byggje eit større fagmiljø, styrkje samarbeidet på tvers av kommunar og tenester og sikre likeverdige og gode tenester til barn og familiar. Som familierettleiar/tiltakskonsulent får du vere med på å forme korleis me skal arbeide, samarbeide og utvikle tenesta.

Arbeidsoppgåver
Du skal følgje opp barn, unge og familiar i tråd med barnevernslova.

Arbeidet omfattar:

  • Sakshandsaming etter barnevernslova.
  • Endringsfokuserte og utviklingsstøttande tiltak.
  • Praktisk bistand og oppfølging.
  • Samtalar med barn og ungdom.
  • Kartleggingar.
  • Samarbeid med barnet, familien, det private nettverket og offentlege instansar.
  • Arbeid med å styrkje nettverket rundt barnet og familien.
  • Deltaking i møte som gjeld barnet og dei føresette.

Lista er ikkje uttømmande.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan sosialfag.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk.
  • Førarkort klasse B, også avgrensa til automatgir.

Me ser etter deg som har:

  • Erfaring frå kommunalt eller statleg barnevernsarbeid, tilgrensande tenester eller tiltaksarbeid.
  • Kompetanse innan rettleiing og foreldrestøttande program.
  • Kompetanse innan familieterapi.
  • Kompetanse i nettverksorienterte tilnærmingar.
  • Kompetanse i samtalar med barn.
  • Minoritetskompetanse.
  • Relasjonskompetanse.
  • Erfaring med konflikthandtering.
  • Digital kompetanse og ferdigheiter i digitale fagprogram.

Kven er du?
Du er tydeleg og strukturert, og du evnar å skape gode relasjonar til barn, familiar og samarbeidspartnarar. Du ser verdien av å samarbeide og styrkje nettverket rundt familiane.

Me ser etter deg som:

  • Er fagleg engasjert, analytisk og utviklingsorientert.
  • Arbeider sjølvstendig, tek ansvar og finn løysingar.
  • Er lojal og fleksibel.
  • Samarbeider godt i team og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Er oppteken av tverrfagleg samarbeid.

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr

  • Ei meiningsfull rolle der du får bidra til endring i kvardagen til barn og familiar.
  • Moglegheit til å vere med på å byggje opp ei ny interkommunal barnevernsteneste.
  • Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
  • Eit team med eigen teamleiar og samarbeid med eit større fagmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester.
  • Månadleg rettleiing etter ein strukturert plan.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, med høve til fleksibilitet ut frå oppgåver og behov. Du må pårekne noko arbeid på kveld og i helg.

Mangfald og tilrettelegging
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjorde med ei prøvetid på seks månader.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om du har bede om å bli unnateken den offentlege søkjarlista. Dersom du ber om unntak, må du grunngje dette i søknaden. Du blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir teke til følgje.

Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter