Logoped
Vil du vere med å skape eit inkluderande læringsmiljø for ALLE?
Sogn PPT søkjer utøvande logoped!
Om stillinga
100% årsvikariat som utøvande logoped frå mars 2027
Sogn pedagogisk psykologisk er ei interkommunal teneste for grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er tverrfagleg samansett, og har i dag 13 tilsette. Sogn PPT omfattar både avdeling for PPT og logopedavdeling, med kontor i Sogndal.
Sogn PPT er i gang med eit spennande utviklingsarbeid for å bli ei framtidsretta og moderne PP-teneste. Den som blir tilsett, skal delta aktivt i dette arbeidet. Me er på leit etter deg som ønskjer å styrke inkluderande praksis i barnehage og skule. PPT er ein sentral samarbeidspart for kommunane. Arbeidet vårt skal sikre gode utviklingsmoglegheiter for barn og unge, særleg dei med særskilde behov.
Me leitar ein utøvande logoped som kan gi direkte oppfølging av barn, unge og vaksne. Arbeidet omfattar reiseverksemd i området. Dato for oppstart kan drøftast i tilsettingsprosessen.
Arbeidsoppgåver:
Direkte oppfølging av barn, unge og vaksne med behov for logopedisk oppfølging
Kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste
Kvalifikasjonar:
Master i logopedi fullført eller i sluttfasen
Relevant arbeidserfaring
Førarkort klasse B, ynskjeleg med eigen bil til disposisjon
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad
God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
God kompetanse på relasjonsbygging
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
Engasjert og utviklingsorientert fagperson
Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
Ha høg arbeidskapasitet og takle arbeidspress
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode velferdsordningar
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
Fleksibel arbeidstid
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her