Prosjektleiar Sognamekken
Vil du vera med å skape ein ny møteplass for ungdom, motor og meistring?
Sogndal kommune satsar på ungdom, inkludering og gode fritidsarenaer. No skal me etablere Sognamekken – ein ny, lågterskel møteplass for ungdom med interesse for motor, mekking og praktisk arbeid.
Me søkjer deg som vil vere med frå starten og utvikle Sognamekken til ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for ungdom i Sogn.
Om Sognamekken
Sognamekken skal bli eit sosialt mekke- og aktivitetstilbod der ungdom får tilgang til lokale, verktøy, utstyr og eit trygt fellesskap rundt motor og praktiske aktivitetar.
Målgruppa er i hovudsak ungdom frå 7. klasse til vidaregåande skule (12–19 år).
Tilbodet skal særleg nå ungdom som er interesserte i praktisk arbeid, mekking og motor, og som kan ha nytte av ein praktisk arena med meistring, tilhøyrsle og gode vaksenrelasjonar.
Prosjektet skal utviklast i samarbeid med ungdomane sjølve, frivillige, skule, lokale organisasjonar, næringsliv og ulike kommunale og førebyggjande tenester.
Sognamekken skal vere meir enn ein stad å skru på bilar. Me skal skape ein arena der ungdom kan:
- Oppleve meistring og utvikle praktiske ferdigheiter i trygge rammer
- Byggje relasjonar i lag med andre som har same interesser
- Møte trygge vaksne og gode rollemodellar
- Føle seg sett og inkludert
- Få erfaring med ansvar, samarbeid og medverknad
- Bli inspirerte til yrkesfag og tekniske fagområde
Om stillinga
Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å etablere og utvikle Sognamekken frå idé- og prosjektfase til eit velfungerande og berekraftig tilbod.
Du får moglegheita til å forme innhald, organisering og utvikling. Ungdomane skal vere aktive medspelarar, og du må trivast med å involvere, lytte og omsetje idear til handling.
Du får mellom anna ansvar for:
- Etablering av Sognamekken, inkludert innkjøp og tilrettelegging av verkstaden
- Rutinar for HMS, tryggleik og drift
- Prosjektstyring, framdrift og vidareutvikling av ein modell for langsiktig drift
- Aktivitetar og faste opningstider
- Ungdomsmedverknad og rekruttering
- Samarbeid med skule, fagmiljø, frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv
- Kommunikasjon og synleggjering av tilbodet
- Rapportering til prosjekt- og kommuneleiing og samarbeidspartnarar
Du blir ein del av Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune og vil samarbeide tett med ungdomskoordinator, ungdomsarbeidarar, utekontaktar og relevante fagmiljø i kommunen. Stillinga er ein 2-årig prosjektstilling, med moglegheit for forlenging.
Noko arbeid på kveldstid og i helgar må påreknast.
Kven me ser etter
Stillinga har ingen formelle kvalifikasjonskrav, men relevant utdanning, til dømes lærarutdanning, yrkesfag, sosialfagleg utdanning eller fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, er ein fordel.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt, og det er viktig at du er praktisk anlagt, at du brenn for ungdom, og at du har lyst til å vere med å utvikle Sognamekken til ein god møteplass. Stillinga har krav om gyldig politiattest.
Me ser for oss at du har erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:
- Arbeid med ungdom, til dømes som kontakt for lærlingar i ei bedrift
- Mekaniske, tekniske eller praktiske fag
- Verkstad- eller HMS-arbeid
- Prosjektleiing, organisasjonsarbeid eller frivilligheit
- Samarbeid med næringsliv
- Arrangement og aktivitetsskaping
Du:
- Har interesse for motor, mekking, praktisk arbeid eller tekniske fag
- Er trygg og tydeleg i møte med ungdom, og har lett for å skape relasjonar og tillit
- Er god på samarbeid og nettverksbygging, og kan engasjere og koordinere frivillige
- Ser moglegheiter og finn praktiske løysingar
- Har god muntleg og skriftlig framstillingsevne, kommuniserer godt med ungdom, føresette, frivillige, næringsliv og offentlege aktørar
Du ser ungdom før system, men forstår at gode system er nødvendige for å skape ein trygg og berekraftig møteplass.
Du toler litt olje på hendene, tek gjerne initiativ og blir ikkje skremd av at prosjektet ikkje har alle svara på førehand. Du kan gå frå kaffiprat med frivillige til budsjettarbeid, HMS og møte med samarbeidspartnarar – gjerne i løpet av same dag.
Me tilbyr
- Ein unik moglegheit til å vere med og etablere og forme Sognamekken
- Ei sentral rolle i eit prosjekt med stor lokal og regional interesse
- Ein meiningsfull jobb og engasjerte kollegaer innan førebygging og ungdomsarbeid
- Eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar i kommunen, frivilligheita og næringslivet
- Løn etter tariff og gode kommunale pensjons- og forsikringsordningar
Eit prosjekt for framtida
Me ønskjer at Sognamekken skal bli ein varig regional møteplass for ungdom, med sterk forankring i ungdomane sjølve, i frivillig sektor og i lokalmiljøet.
Som prosjektleiar får du dermed ikkje berre ansvar for å starte eit prosjekt. Du får vere med på å byggje ein kultur og ein møteplass som kan få mykje å seie for ungdom i Sogn i mange år framover.
Vil du vere med og skru saman Sognamekken – bokstaveleg talt? Då håpar me å høyre frå deg!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Link til søknadsskjema: Søk her