Sjukepleiar / vernepleiar

Stilling
Sjukepleiar / vernepleiar
Lokasjon
Leikanger
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Brenn du for å skape tryggleik, meistring og glede i kvardagen til andre?
Er du ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar som ønskjer å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Då vil vi gjerne bli kjent med deg! 

Vi ser etter deg som vil bruke fagkunnskapen din til å skape ein meiningsfull kvardag for våre bebuarar – og som har lyst til å bli ein viktig del av vårt engasjerte og varme arbeidsmiljø i ei døgnbemanna omsorgsbustad i vakre Sogndal. 

Hos oss får du:

  • Eit støttande og inkluderande kollegafellesskap
  • Varierte og fagleg spennande arbeidsoppgåver
  • Ein kvardag der du verkeleg betyr noko – både for bebuarane og kollegaene dine

Vil du vere med og gjere ein forskjell – kvar dag? Søk no, og bli med på laget vårt! 

Sogndal er kjent for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.

Om stillinga: Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling; 1 x inntil 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar. 

Me har årsturnus med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter 4. kvar helg og etter eige ynskje i vekedag. 

Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Som sjukepleiar/vernepleiar har du ein allsidig og spennande kvardag.  Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Rettleia for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
  • Medansvarleg for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande

 Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie/vernepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demensomsorg, rus og psykiatri. Om du ynskjer å ta vidareutdanning innafor demens eller alderspsykiatri vil me leggja til rette for det.

 Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert og positiv
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med kr. 25.000 i året kan vere aktuell for deg som har bustadadresse og er yrkesaktiv i Sogndal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter