Prosessdriver
Vi søkjer ein ny kollega som kan bidra til at vi jobbar meir treffsikkert, effektivt og framtidsretta.
I seksjon Fellesfunksjonen arbeider du med oppgåver som har verdi for menneske og verksemder over heile landet. Samstundes har du fjord, fjell og storslått natur rett utanfor døra.
Hos oss får du stor fridom til å påverke både arbeidsmåtar, prioriteringar og retning. Du utfordrar etablerte sanningar, ser nye moglegheiter og bidreg til å omsette innsikt til konkrete forbetringar. Ved hjelp av tal og trendar skapar vi oss innsikt og kunnskap om korleis vi best planlegg oppgåvene våre. Du blir del av eit dyktig og engasjert fagmiljø som saman utviklar løysingar for framtida.
Dette er ikkje ei rolle med ei ferdig oppskrift. Tvert imot. Verda rundt oss er i stadig endring, og vi treng nye perspektiv på korleis vi kan møte morgondagens utfordringar. Derfor ynskjer vi ikkje å fortelje deg nøyaktig korleis oppgåvene skal løysast. Vi ynskjer at du skal vere med på å forme vegen vidare.
Kven er vi?
Seksjon Fellesfunksjon har 24 medarbeidarar. Breidda er stor, men det er også den faglege tyngda. Saman bidreg vi til planlegging, utvikling og forbetring av førstelinja, slik at våre brukarar får den hjelpa og rettleiinga dei treng kvar dag.
Sjølv om Leikanger er arbeidsstaden din, blir du del av eit fagmiljø som strekker seg over heile landet. Kollegaene våre sitt frå Harstad i nord til Kristiansand i sør. Vi samarbeida tett digitalt og deler erfaring og kompetanse på trevs av fagområde. Men vi likar å møtast på kontoret, og vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet og fellesskapet vi har skapt.
Kva går jobben ut på?
Du skal blant anna bidra til å:
- utarbeide prognosar og planar for drift av førstelinje
- utvikle og forbetre arbeidsprosessane våre gjennom innsikt og analyse
- vurdere konsekvensar og evaluere tiltak som påverka oppgåveløysinga vår
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- relevant utdanning, minimum bachelorgrad. Utanlandske grader må vere godkjent av NOKUT/HK-dir. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse.
- svært god skriftlege og munnlege formidlingsevner
- evne til å sjå samanhengar i data, og bruke innsikta til å identifisere behov og forbetringsmoglegheiter
Det er ikkje eit krav, men ein fordel om du har:
- erfaring med visualiseringsverktøy
- erfaring med å formidle analysar og avgjerdsgrunnlag til ulike målgrupper, også utanfor eige fagområde
Kva ser vi etter hos deg?
For å lykkast og trivast best i rolla er det viktig at du blant anna:
- Er analytisk og ser samanheng bak tall og utviklingstrekk
- Tek initiativ og kan jobbe sjølvstendig
- Kommunisera og formidlar innsikt på ein måte som skapar forståing og engasjement
- Er utviklingsorientert og nysgjerrig på nye arbeidsmåtar, metodar og teknologi
- Er god på samarbeid
Kvifor skal du velje oss?
Høyrest det givande ut å jobbe med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med moglegheita til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planlegge eigen arbeidsdag.Hos oss får du rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt moglegheita til å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr blant anna at du får ein av Norges beste pensjonsordningar og moglegheita til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no
Vi veit at mange ynskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heime og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. Hos oss kan ein avtale heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.
Du bli tilsett som rådgjevar/seniorrådgjevar, med ei årslønn mellom 750 000 og 850 000 kr, avhengig av kvalifikasjonane dine. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere å gi noko høgare løn enn dette.
Verdt å merkje seg før du søkjer
Søknadsbrev bruker vi sjølvsagt ikkje. For oss er det meir nyttig at du leverer ein utfyllande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer at dette kan vere ein god match. Få gjerne med korleis du har jobba med problemstillingane på fagområdet så langt.
Omvend referansesjekk er noko vi tilbyr om du er aktuell for stillinga. Det betyr at du får ringje nokon av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje, for å finne betre ut om vi er ein god match. Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss.
Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Vi er på jobb for alle, og Skatteetaten skal vere ein god stad å jobbe for alle. Dersom du har hòl i CV-en din, funksjonsnedsetjingar eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gjer det mogleg for deg å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Lista viser namn, alder, stilling og bustadkommune. Du kan be om å bli halde unna denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
Vi gjennomfører bakgrunnsjekk av aktuelle kandidatar. Gjennom bakgrunnssjekken verifiserer vi utdanning og arbeidserfaring, samt ID-sjekk. I tillegg kan det blir gjennomført søk i opne kjelder, søk på næringsinteresser samt eit sikkerheitsintervju.
Om arbeidsgivaren
Kontaktinformasjon
Erlend Loftesnes Røysum, seksjonssjef, 958 70 045Siv Kristin Torvund, underdirektør, 995 36 853
Arbeidssted
Njøsavegen 26863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: SkatteetatenReferansenr.: 5187983247
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026