Tannpleiar

Stilling
Tannpleiar
Lokasjon
Storebø, Nesttun
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. des.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Nesttun klinikkområde har ledig to faste, 100 % stillingar, som tannpleiar.

Ein stilling med arbeidssad ved Nesttun tannklinikk.

Ein stilling med arbeidsstad ved Nesttun og Austevoll tannklinikkar. Stillinga er i utgangspunktet fordelt med 40 % ved Nesttun tannklinikk og 60 % ved Austevoll tannklinikk, men vi er opne for å diskutere ei anna fordeling ut frå søkjaren sine ønskje og klinikkane sine behov.
Stillingane er ledige frå 17. januar 2027.

Nesttun tannklinikk
Nesttun tannklinikk er en flott tannklinikk med 13 behandlingsrom. Det er bybanestopp like ved tannklinikken. Vi behandlar hovudsakleg prioriterte pasientgrupper.

Austevoll tannklinikk
Austevoll tannklinikk er ein triveleg og veletablert tannklinikk med eit nært og inkluderande fagmiljø. Her arbeider to tannlegar, ein tannpleiar og to tannhelsesekretærar. Klinikken tilbyr ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid mellom kollegaer og god kontakt med pasientane. Vi behandlar i hovudsak prioriterte pasientgrupper og legg vekt på god pasientbehandling, fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Austevoll har ferjesamband til fastlandet. For søkjarar som bur utanfor Austevoll, vil det vere ein fordel å disponere bil, då kollektivtilbodet ikkje er tilpassa arbeids- og ferjetidene.

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.


Arbeidsoppgåver

Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:

  • jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
  • utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
  • halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
  • deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som tannpleiar
  • Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
  • Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først 
  • kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar 
  • er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • arbeider systematisk og planmessig 
  • har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre. 

Vi tilbyr

  • ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • løn etter gjeldande tariff
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Martha Sørensen, Klinikkleiar, 98012834, Martha.Sorensen@vlfk.no

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5209625171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026

Kontaktpersoner
Martha Sørensen
Klinikkleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter