Rådgjevar for kontrollutvala
Kontrollutvalet, sekretariatet og revisjonen er tre viktige instansar i utøving av kontrollaktiviteten i kommunane.
Kontrollutvalet er eit politisk utval som skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Utvalet skal og sjå til at kommunane har ein forsvarleg revisjon. Revisor utfører mellom anna rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.
Kontrollutvala har eige sekretariat. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing, møteavvikling og saksoppfølging. Sekretariatet i Vestland fylkeskommune har fem tilsette. Vi er sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune og leverer i tillegg sekretariatstenester til 14 kommunar i Vestland fylke. Sekretariatet i Vestland fylkeskommune er eit leiande fagmiljø i den kommunale eigenkontrollen, og har mellom anna ansvar for folkevaldopplæring for kontrollutvala.
Arbeidsoppgåver
Du er sekretær og rådgjevar for kontrollutvala. Du
- skriv saksframlegg og utgreier saker som kontrollutvala skal behandle, og gir av og til eigne vurderingar
- planlegg møta i kontrollutvala og legg til rette for dei
- er med på møta som tilretteleggjar, rådgjevar og protokollførar
- følgjer opp sakene og vedtaka til kontrollutvala
- held kontrollutvala oppdaterte på relevante fagfelt og sørgjer for nødvendig opplæring
- passar på at kontrollutvala og kommunestyra behandlar kontrollsaker til rett tid
- har dialog med revisor
- hjelper til når fylkeskommunen lyser ut konkurranse om revisjonstenester, saman med innkjøpsavdelinga
Saman med kollegaene dine bidreg du òg til å sikre kvaliteten på arbeidet og utvikle fagområda. Vi tilpassar oppgåvene til kompetansen og erfaringa di.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha
- relevant høgare utdanning, til dømes innanfor statsvitskap, økonomi, rekneskap, revisjon eller jus
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og du kan bruke nynorsk som arbeidsspråk
- kunnskap om og erfaring med prosessar i folkevalde organ
- sjølvstendig arbeidsform, god struktur og evne til å halde fristar
- evne til å samarbeide med ulike fagmiljø
- førarkort for personbil
Du bør ha master, men relevant erfaring kan kome i staden for utdanninga. Vi oppmodar òg nyutdanna til å søkje. Har du mastergrad, vert du tilsett som rådgjevar. Har du bachelorgrad, vert du tilsett som spesialkonsulent.
Dette er ein fordel
- erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning, til dømes politiske saker
- kjennskap til Elements, som er saks- og arkivsystemet vårt
Personlege eigenskapar
Slik er du som kollega
Du trivst i møte med folk og byggjer lett relasjonar. Du er tydeleg, høfleg og reflektert i kommunikasjonen og likar å ta ein sakleg og fagleg diskusjon. Du er samfunnsinteressert og trivst i grenselandet mellom administrasjon og politikk.Vi tilbyr
- fagleg utvikling saman med engasjerte kollegaer og stor påverknad på eigen arbeidskvardag
- høve til å lære kommunane i Vestland å kjenne
- løn etter avtaleverket og strukturen i Vestland fylkeskommune
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du må rekne med om lag 20 reisedagar i året og noko arbeid på ettermiddagar og kveldar.
Du kan ikkje kombinere denne stillinga med andre deltidsstillingar i fylkeskommunen eller i kommunar som sekretariatet tener.
Kontaktinformasjon
Anne Kristin Meyer, kontrollsjef, +47 95205350Arbeidsstad
Lars Hillesgate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5208360137
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026