Familieterapeut/fagutviklar -  Samnangerhjelpa

Stilling
Familieterapeut/fagutviklar - Samnangerhjelpa
Lokasjon
Tysse
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
18. nov.
Søknadsfrist
04. des.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Ser du både menneska og systema rundt dei?

Brenn du for relasjonelle samtalar, men har også eit blikk for korleis me kan utvikle betre tenester? Då kan dette vere stillinga for deg!

I Samnangerhjelpa, knappe 40 minutt med bil frå Bergen sentrum, søker me ein familieterapeut som ønsker å gjere ein forskjell – både i møte med barn, unge og familiar, og gjennom utvikling av gode faglige arbeidsformer.

Me ser etter deg som tenker heilskaplig, ser muligheter og trivst med å skape gode løysingar saman med andre. Hos oss får du kombinere terapeutisk arbeid med fagutvikling i eit tverrfaglig miljø, der det er kort veg frå idé til handling.

Me søker familieterapeut/fagutviklar til ei 100 % eittårig prosjektstilling.

Samnangerhjelpa er kommunen sitt tverrfaglige lågterskeltilbod der innbyggjarane kan få hjelp utan tilvising. Me arbeider etter prinsippet om «éi dør inn», med mål om å gi tidlig og tilgjengelig hjelp og sikre god samhandling rundt dei som treng det.

Samnangerhjelpa er organisert under Førebyggande tenester, som omfattar helsestasjon, psykisk helse og rus, kommunepsykolog og fysio- og ergoterapitenesta. Me er eit tverrfaglig fagmiljø som arbeider med førebygging, tidlig innsats og heilskaplig oppfølging av innbyggjarane. Me samarbeider tett med mellom anna barnevern, Nav, barnehage, skule og fastlegar.

Stillinga er finansiert gjennom tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland, med særleg vekt på å styrke det psykiske helsetilbodet til barn, unge og familiar.

Du vil i hovudsak arbeide med direkte familieterapeutisk oppfølging, kombinert med fagutvikling og tverrfaglig samarbeid. Stillinga gir mulighet til å bidra aktivt til vidareutviklinga av Samnangerhjelpa.

Det kan vere mulighet for vidareføring av stillinga, avhengig av framtidige tilskot og kommunen sine økonomiske prioriteringar.


Arbeidsoppgåver

 

  • Familieterapeutiske samtalar og oppfølging av barn, unge, foreldre og familiar
  • Foreldrerettleiing med vekt på relasjonar, samspel og meistring
  • Kartlegging av ressursar, utfordringar og hjelpebehov
  • Gi tidlig og målretta hjelp ved psykiske helseutfordringar
  • Bidra til utvikling og gjennomføring av individuelle og gruppebaserte tilbod
  • Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis i Samnangerhjelpa
  • Medverke til utvikling av gode arbeidsmetodar, rutinar og tverrfaglige samarbeidsformer
  • Bidra med systemisk forståing og faglige perspektiv i vidareutviklinga av tenesta
  • Legge til rette for brukarmedverknad (eks. KOR/FIT) og bidra til evaluering og forbetring av tenestetilbodet
  • Samarbeide tett med andre kommunale tenester og aktuelle samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Krav

  • Relevant helse- eller sosialfaglig utdanning på minimum bachelornivå
  • Vidareutdanning i familieterapi eller anna relevant terapeutisk vidareutdanning
  • Erfaring frå terapeutisk arbeid med barn, unge og familiar
  • God systemisk forståing og erfaring med relasjonelt arbeid
  • God kunnskap om psykisk helse, relasjonar og familiearbeid
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk digitale verktøy i klinisk arbeid, samhandling og fagutvikling
  • God skriftlig og munnlig framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B og mulighet til å disponere eigen bil i tenesta

Ønskjer

  • Mastergrad i familieterapi eller anna relevant masterutdanning
  • Erfaring frå kommunale helse- og oppveksttenester
  • Erfaring med fagutvikling, kvalitetsarbeid eller tenesteutvikling
  • Kjennskap til eller erfaring med tenestedesign, brukarmedverknad og samskaping
  • Erfaring med tverrfaglig samarbeid og samordning av tenester
  • Kjennskap til Betre Tverrfaglig Innsats (BTI) eller tilsvarande samhandlingsmodellar

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er trygg, empatisk og har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Har eit godt systemisk blikk og evne til å sjå samanhengar mellom individ, familie og tenestene rundt
  • Er fagleg engasjert, nysgjerrig og utviklingsorientert
  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Er initiativrik, løysingsorientert og evnar å omsetje idear til praktisk handling
  • Har gode samarbeidsevner og trivst i eit tverrfaglig arbeidsmiljø
  • Er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov og situasjonar
  • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og deler gjerne kunnskap og erfaringar med andre

    Personlig eignaheit vil bli tillagt stor vekt.


Me tilbyr

  • Ei spennande og variert prosjektstilling der du får kombinere klinisk arbeid med fagutvikling
  • Mulighet til å påverke og bidra til vidareutviklinga av eit viktig kommunalt lågterskeltilbod
  • Eit engasjert og tverrfaglig arbeidsmiljø med høg faglig kompetanse
  • Tett samarbeid med kommunepsykolog, familieterapeut, helsesjukepleiar og andre fagpersonar
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode muligheter for faglig utvikling
  • Ein arbeidsplass med korte beslutningsvegar og rom for initiativ og nytenking
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Kontaktpersoner
Cecilie Kristiansen
Einingsleiar Livsmeistring
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter