Ungdomsassistent barnehage
Rygg barnehage lyser ut assistent-stilling for ungdomar. Stillinga er for deg som er mellom 14-18 år, trivast saman med barn og har lyst å jobbe eit par timar etter skuletid.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er
-
mellom 14-18 år
-
utadvent, sosial og trivast saman med barn
Arbeidsoppgaver
Som ungdomsassistent i barnehagen vil arbeidsoppgåvene dine vere
-
leik og aktivitet med barna
-
dialog, kommunikasjon og samspel med barna utifrå deira behov
-
hjelpe barna i kvardagen med praktiske gjeremål
-
samarbeid med personalet på avdelinga
Vi tilbyr
Rygg barnehage tilbyr ettermiddagsjobb for ungdomar med inntil 2 timar arbeid etter skuletid, to ettermiddagar i veka i ein 8-9-vekers periode.
Arbeidsforholdet vil vare frå 18.januar til 19.mars 2027, med moglegheit for fri i veke 8 som er vinterferie.
Rygg barnehage tilbyr eit godt miljø med fokus på leik, språk og uteliv og nærområde.
Hos oss vil du få verdifull erfaring og ein hyggeleg start på arbeidslivet.
Lønn etter tariffavtale.