Vikariat som koordinator/rådgjevar
100 % vikariat som koordinator/rådgjevar for opplæringa Ølen vgs leverer i Haugaland fengsel avd. Sandeid
Frå 1. februar 2027 til 31. januar 2028 er det ledig stilling som koordinator/rådgjevar. I stillinga inngår rådgjeving, veiledning, budsjettkontroll, dagleg drift og samarbeid med kriminalomsorga. Arbeid med drift av matvogn er og tillagt stillinga. Det inngår ikkje personalansvar i stillinga. Den som vert tilsett må ha evne til å motivere innsette til å ta utdanning, fullføre grunnskule og vidaregåande skule.
Krav til stillinga:
- Relevant utdanning innan undervisning og/eller rådgjevning
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend utvida politiattest
- Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Me søkjer deg som:
- Tek initiativ overfor elevar, tilsette, skuleleiinga og fengselsleiinga
- Har gode relasjonelle og kommunikative ferdigheiter
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Har gode samarbeidsevner, er samlande, tydeleg og har godt humør
- Er fleksibel og trivst med ein variert og hektisk arbeidskvardag
Me tilbyr:
- Moglegheiter til å vidareutvikle tilbodet skulen gir i fengselet
- Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode høve for fagleg utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
Korleis søkje:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.