Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?
Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?
Retura Søre Sunnmøre AS søkjer ein Sal- og berekraftansvarleg som kan kombinere sal, rådgjeving og miljøkunnskap.
Om stillingaSom Sal- og berekraftansvarleg får du ansvar for å utvikle kundeporteføljen vår og for å gjere berekraft til eit konkurransefortrinn -- både for kundane og for oss sjølve.
Du følgjer opp eksisterande næringskundar, hentar inn nye og hjelper dei med å skreddarsy avfallsløysingar som gir høgare sorteringsgrad, lågare kostnader og betre miljøresultat.
Stadig fleire verksemder må dokumentere miljø- og klimaarbeidet sitt overfor kundar, finansinstitusjonar og styresmakter.
Her blir du ein viktig rådgjevar: du set saman avfalls- og miljørapportar, tolkar tala og viser kundane korleis dei kan nå miljømåla sine.
Internt har du ei sentral rolle i berekraftsarbeidet til RSS, mellom anna i oppfølginga av miljøsertifiseringa og strategiplanen vår.
Stillinga er ein del av administrasjonen, og du deltek difor også i dei felles administrative oppgåvene, mellom anna ordremottak, telefon og kundeservice.
Du samarbeider tett med driftsavdelinga og fagmiljøa i Retura-kjeda.
Du rapporterer til dagleg leiar.
Som person er du trygg, nysgjerrig og flink til å byggje relasjonar.
Du likar å vere ute hos kundar, er strukturert og sjølvgåande, og har ei forretningsmessig tankegang.
Du kommuniserer godt og kan forklare miljøkrav og tal på ein enkel måte.
Vi har eit uformelt arbeidsmiljø, og håper å finne deg som vil vere med på å ta vare på det -- og gjere selskapet endå betre.
Ansvarsområde Sal og kundeoppfølging- Oppfølging av eksisterande nærings- og privatkundar, med kundebesøk og kartlegging av behov
- Aktivt sal mot nye kundar og utvikling av nye tenester
- Utarbeiding av tilbod, avtalar og anbod, også i offentlege konkurransar
- Delta i ordremottak og telefonsløyfa i administrasjonen
- Rådgjeving til kundar om sortering, gjenvinning og sirkulære løysingar
- Utarbeiding av avfalls- og miljørapportar til kundar, mellom anna sorteringsgrad og klimaeffekt
- Støtte kundar som må dokumentere berekraftsarbeidet sitt (t.d. ESG-rapportering og miljøkrav i anbod)
- Bidra i berekraftsarbeidet til RSS og i oppfølginga av strategiplanen
- Bidra i oppfølginga av ISO 14001 og ISO 9001 og i lovpålagde rapporteringar
- Marknadsføring og synleggjering av RSS lokalt
- Oppdatering av nettsider og sosiale kanalar
- Erfaring med sal og kundeoppfølging, gjerne mot bedriftsmarknaden
- Erfaring med marknadsføring og sosiale medium
- Kunnskap om berekraft, miljøstyring eller klimarekneskap er ein klar fordel
- Gjerne erfaring med ISO-standardar, berekraftsrapportering eller offentlege anbod
- God norsk framstillingsevne, munnleg og skriftleg, og evne til å kommunisere på engelsk
- Gode datakunnskapar og fortruleg med digitale verktøy
- Førarkort klasse B (krav)
- Engasjert og positiv
- Relasjonsbyggjar som trivst ute hos kundar
- Kommersielt anlagd og resultatorientert
- Strukturert, sjølvdriven og initiativrik
- Løysingsorientert og fleksibel i ein travel kvardag
- Gode samarbeidsevner
- Ei samfunnsviktig rolle i ein bransje i rask utvikling, der sirkulær økonomi og berekraft står sentralt
- Stor fridom til å forme stillinga og vere med på å byggje opp berekraftsarbeidet
- Fagleg og personleg utvikling, med kurs og kompetanseheving
- Nettverk og samarbeid med andre Retura-selskap over heile landet
- Konkurransedyktige vilkår for løn og pensjon
- Løn og tiltreding etter nærare avtale
Høyrest dette ut som deg?
Send søknad med CV via søknadsportalen på Finn.no.
Søknadsfrist: 25. november 2026
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, så send gjerne søknaden tidleg.
Alle søknader blir handsama konfidensielt.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med dagleg leiar Mads Harald Indresøvde på mobil 412 13 940 eller e-post mads.indresovde@retura.no.