Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?

Stilling
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom og vaksne i Ullensvang og Sunnhordland?

Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og ved dei vidaregåande skulane i vårt område. 

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som kontormedarbeidar frå 4. januar 2027 med kontorstad på Stord. Stillinga er ei merkantil støttestilling som betyr mykje for heile tenesta. Med deg på laget får rådgjevarane tid til å bruke fagleg skjønn der det trengst mest, og du bidreg til høg kvalitet i tenestene våre.


Arbeidsoppgåver

Som kontormedarbeidar gir du praktisk og administrativ støtte til leiar og rådgjevarane ved å:

  • handtere førespurnader til sentralbordet og besøk på kontoret
  • registrere, fordele, journalføre og arkivere innkomen post i ulike sak- og arkivsystem
  • innhente og sende opplysningar, utforme korrespondanse, bistå i rapportering og skrive referat frå møte
  • gjennomføre innkjøp og fakturabehandling, og bidra i rekneskaps- og budsjettarbeid 
  • gi tilsette opplæring i bruk av ulike fagsystem
  • leggje til rette for praktisk gjennomføring av møte og kurs
  • ha praktisk ansvar for tenestebilane og køyre ved behov, t.d. i samband med innkjøp og transport
  • hjelpe dei andre rettleiingstenestene i Vestland ved behov
  • utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagde til stillinga

Som kontormedarbeidar er du del av eit fagnettverk med dei merkantile i alle dei seks rettleiingstenestene i Vestland.  Arbeidsoppgåvene krev at du kan organisere eige arbeid og jobbe sjølvstendig. Du må rekne med noko reiseverksemd til skular og samarbeidspartnarar i regionen.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har: 

  • relevant bachelorutdanning innan administrasjon, økonomi eller tilsvarande
  • førarkort klasse B
  • erfaring frå arbeid med eller kjennskap til målgruppene i rettleiingstenesta er ein fordel
  • god kjennskap til vidaregåande opplæring 
  • kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
  • gode digitale ferdigheiter
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • det er krav om politiattest før tilsetjing

Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som: 

  • er imøtekommande og serviceinnstilt
  • er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling 
  • har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
  • er flink til å rettleie kollegaer
  • er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Ragnhild Ravna Skjærvik, leiar, 41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no

Arbeidsstad

Vikastemmo 35
5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5208950842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter