PPT søkjer engasjert rådgjevar

Stilling
PPT søkjer engasjert rådgjevar
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. nov.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland?
 
Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
 
Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område. 
 
Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord. 

Arbeidsoppgåver

Bidra til at vi leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevar og lærlingar ved å:

  • gi spesialpedagogisk og pedagogisk råd til skulen
  • utarbeide sakkunnige vurderingar og uttaler knytt til PPT sitt mandat
  • gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar
  • bidra til kompetanseutvikling i skulen med mål om å gi elevar eit best mogleg opplæringstilbod
  • arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande
  • samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnerar
  • gi rettleiing og arrangere kurs
  • utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga

Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Du må rekne med mykje reiseverksemd ut til samarbeidspartnerar i regionen frå Bømlo i nord til Odda i sør. 

Kvalifikasjonar

  • utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller psykologi
  • god kjennskap til og erfaring frå vidaregåande opplæring
  • kjennskap til læreplanverket er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring frå PPT og kartleggingskompetanse er ein fordel
  • førarkort klasse B
  • det er krav om politiattest før tilsetjing

Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som:

  • set elevane si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
  • er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
  • har evne til å samarbeide, men òg arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel, inkluderande og byggjer gode relasjonar med ungdom og kollegaer

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylt og givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring, i eit fagleg og sterkt tverrfagleg miljø.
  • Eit uformelt arbeidsmiljø der vi heiar på kvarandre, inkluderer kvarandre og løftar kvarandre fagleg.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
  • God offentleg tenestepensjon, ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg.
  • Gode forsikringsvilkår.
  • Stillingsnemning konsulent, rådgjevar, seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Ravna Skjærvik, leiar, 41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no

Arbeidsstad

Vikastemmo 35
5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5195707385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter