Rådgjevar Oppfølgingstenesta
Vestland fylkeskommune har etablert rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, samarbeidsorgan, bedrifter, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Bergensområdet nord dekkjer kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Kvam og Arna og Åsane bydel. Vi har kontorstad i nye Åsane vidaregåande skule.
Rettleiingstenesta Bergensområdet nord har ledig fast stilling i 100% som rådgjevar for Oppfølgingstenesta.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar i Oppfølgingstenesta vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:
- hjelpe ungdom tilbake i vidaregåande opplæring, slik at dei gjennomfører og sit igjen med studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse
- etablere kontakt med og halde oversikt over ungdomar i målgruppa
- formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eller kombinasjonar av desse
- halde kontakt med og bruke tilgjengelege nettverk til å skape og formidle tilbod til ungdom utanfor opplæring og arbeid
- koordinera og samhandla tiltak rundt ungdomane
- samhandle tett med skular, NAV og andre offentlege instansar
- bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta
Generelt sett forventar vi at du skal medverke til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet og arbeide førebyggande for at ungdom gjennomfører vidaregåande opplæring.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- Utdanning frå universitet eller høgskule i relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God kjennskap til vidaregåande opplæring
- God kjennskap til praksisfeltet og arbeidsmarknaden
- Rettleiingskompetanse/karriereveiledning
- Kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvaltning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- Førarkort kl.B. da stillinga inneber mye reiseverksemd
Det er ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest. Søkjarar utan mastergrad vil bli tilsett i anna stillingsnemning.
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som:
- er fleksibel, inkluderande og har evne til å bygge gode relasjonar
- er løysingsorientert
- er engasjert, initiativrik og utviklingsorientert
- har gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid
- har stort engasjement og evne til å motivere
- arbeider strukturert, systematisk, sjølvstendig og målretta
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Andre arbeidsoppgåver innanfor tenesta kan bli lagt til stillinga. Du må rekne med mykje reiseverksemd i regionen.
Vi tilbyr
- Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Vi er opptekne av trivsel i arbeidet, og å ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
- Vi legg til rette for rettleiing og opplæring
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar/seniorrådgivar etter kvalifikasjonar og erfaring
Kontaktinformasjon
Magne Ottar Espelid, leiar, 98255164Arbeidsstad
Åsane Senter 525116 Ulset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5214554269
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.12.2026