Ambulansearbeidar / paramedisinar
🚑 Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø?
Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.
Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste.
Vi har no ledige faste stillingar ved ambulansestasjonane på Karmøy, Stord og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 63 % til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved
💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.
👉 Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag.
Kva går jobben ut på?
- Behandling og transport av pasientar.
- Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse.
- Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar.
- Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner
- Sertifikat kode 160 og C1. Dersom søkjar ikkje har C1 må det takast innan 6 månader etter oppstart.
- Bestått fysisk test.
- Grunnleggjande datakunnskapar.
- På grunn av beredskap, kan lokal tilhøyrighet verta vektlagt.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine
- Kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt
- Tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst
- Har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Ein fast jobb i ei teneste i utvikling
- Forutsigbar turnus og fast oppmøtestad
- Ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar
- Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar
- Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø.
Dersom du søkjer om fortrinnsrett, må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Tore Samdal Lund, Funksjonsleiar, tore.samdal.lund@helse-fonna.noGeir Røssland, Funksjonsleiar, geir.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5208541042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2026