Ambulansearbeidar / paramedisinar

Stilling
Ambulansearbeider/ paramedisiner
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
8
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

🚑 Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø?

Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.
Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste.

Vi har no fleire ledige vikariat ved ambulansestasjonane på Stord, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Kvinnherad, Suldal og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 40 til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved.

 💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.

👉 Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag.


Kva går jobben ut på?

  • Behandling og transport av pasientar.
  • Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse.
  • Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar.
  • Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner
  • Sertifikat kode 160 og C1. Dersom søkjar ikkje har C1 må det takast innan 6 månader etter oppstart.
  • Bestått fysisk test.
  • Grunnleggjande datakunnskapar.
  • På grunn av beredskap, kan lokal tilhøyrighet verta vektlagt.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine
  • Kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt
  • Tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst
  • Har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein fast jobb i ei teneste i utvikling
  • Forutsigbar turnus og fast oppmøtestad
  • Ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar
  • Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar
  • Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Tore Samdal Lund, Funksjonsleiar, tore.samdal.lund@helse-fonna.no
Geir Røssland, Funksjonsleiar, geir.rossland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5205650533
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.11.2026

Kontaktpersoner
Geir Røssland
Funksjonsleiar
Tore Samdal Lund
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter