U-18-etterforskar
Om stillinga
Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av U-18-saker ved Molde politistasjon?
Du vil arbeide tett saman med andre tilsette ved avsnitt for etterretning og førebygging, og med etterforskarar ved avsnitt for etterforsking. I periodar må ein pårekne å bidra innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. Det er moglegheit for operativ tjeneste kvar fjerde helg.
I tillegg til å få ei utviklande stilling, byr Molde og Romsdalen på mektige naturopplevingar, og eit mangfoldig tilbod innan fritidsaktivitetar og kulturelle opplevingar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er interessert i etterforskingsfaget og forebygging, og som likar å jobbe med ungdom. Du er sjølstendig, systematisk og initiativrik. Du trivst med ein variert arbeidskvardag, med å identifisere nødvendige gjeremål og å få desse gjennomført åleine eller i lag med andre.
Du har gode relasjonelle ferdigheter som gjer deg eigna til å arbeide med barn, unge og personar i ein sårbar situasjon.
Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- etterforske U18-saker
- pårekne noko arbeid på kveldstid
- andre arbeidsoppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved avsnittet/seksjonen
- bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
- moglegheit for operativ tjeneste i helg (krev minimum IP4-godkjenning men det er ikkje eit krav til stillinga)
- kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå politistilling
- erfaring frå etterforsking
- erfaring/kompetanse innafor det førebyggande fagfeltet
- relevant etter-/vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- har gode kommunikasjonsferdigheiter med evne til å byggje tillit hos publikum og samarbeidsaktører
- har gode samarbeidsevner
- kan jobbe sjølvstendig og systematisk
- er positiv og tar initiativ
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utviklande og meiningsfull stilling ved Molde politistasjon
- for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 690 000 - kr. 760 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 720 000 - kr. 800 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 720 000
- politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 595 000 til kr. 660 000
- politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 620 000
- for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
- endringar i stillingstitlar og stillingskodar må reknast med som følgje av innføringa av nytt gradssystem i 2027.
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og vere knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. For avgangsstudentar 2026 må vitnemål ettersendast før tiltreding.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.