Tenesteplanleggjar
Om stillinga
Vi søkjer etter ein tenesteplanleggjar/innføringsansvarleg i fast stilling. I tillegg har vi ledig ei midlertidig stilling som tjenesteplanleggjar tom. 31.12.2027.
Som tenesteplanleggjar vil du vere ein del av ein sentral og utøvande funksjon som sørgjer for heilskapleg og effektiv arbeidsplanlegging. I Møre og Romsdal politidistrikt er vi opptekne av å sikre at vi alltid er klare med rett kompetanse og kapasitet samtidig som vi varetek god HMS for dei tilsette. Du vil samarbeide tett med leiarar og medarbeidarar på fleire nivå i ein travel kvardag. I den faste stillinga som tjenesteplanleggjar vil du i tillegg få ei rolle som innføringsansvarleg i ei spennande tid med innføring av eit nytt arbeidsverktøy og nye arbeidsprosessar. Dette skal skje i løpet av 2027.
Stillinga er plassert ved Stab for HR og HMS ved seksjon for tjenesteplanlegging. Her vil du få kollegaer med god kompetanse og høg arbeidsmoral og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som har erfaring knytt til tenesteplanlegging og endringsarbeid. Du vil samarbeide tett med leiarar og medarbeidarar på fleire nivå i ein travel kvardag. Evne og motivasjon til å finne gode løysingar i samarbeid med andre er avgjerande. Du ønskjer også å jobbe langsiktig og har eit ope sinn i forhold til endringar og forbetringar. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- innføringsansvarleg for nytt arbeidsverktøy 2027 (gjeld den faste stillinga)
- tenesteplanlegging i samarbeid med personalleiarar og tenestekontoret elles, medrekna å skrive arbeidsplanar
- halde oversikt over aktivitet fram i tid
- vere oppdatert på regelverk og praksis på arbeidstidsreglane for politiet, og sørgje for at lokal praksis er i samsvar med føringar
- førebu drøftingar og orienteringar med tillitsvald og verneombud
- opplæring og rettleiing
- kan bli pålagt andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring kan vurderast til å kompensere for delar av utdanningskravet.
- relevant arbeidserfaring og resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- gode digitale ferdigheiter og interesse for arbeid med digitale system
- kunnskap om arbeidsmiljølova og anna relevant lov- og avtaleverk som gjeld forholdet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar
- plettfri vandel og skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registera til politiet.
Det er også ønskjeleg med
- innsikt i offentleg administrasjon og organisering, i politiet og/eller andre beredskapsorganisasjonar
- endring av arbeidsprosessar og innføring av nye arbeidsverktøy
- erfaring med HMS-arbeid
Personlege eigenskapar
- god evne til å kommunisere gjennom relasjonelle ferdigheiter
- strukturert og nøyaktig med evne til å lage oversikter, planar og å følgje opp desse
- resultatorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og langsiktig for å nå mål
- motivert for å bidra til endring og utvikling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein utfordrande og spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
- fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årslønn frå kr. 650 000 til kr. 735 000, eller midlertidig stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årslønn frå kr. 600 000 til kr. 700 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare lønn vurderast.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- fleksibel arbeidstid
- moglegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.