Ingeniør/seniorkonsulent ved avsnitt for digitalt politiarbeid i Florø
Om stillinga
Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Fagfeltet er eit av politidistriktet sine strategiske satsningsområde. Vi er ute etter deg som er nysgjerrig, innovativ, kreativ og samstundes evner å forstå teknologien sin rolle i dagens samfunn. Du må ha god gjennomføringskraft som vil gjera det mogleg og driva ei aktiv kriminalitetsbekjemping som held følgje med den raske teknologiske utviklinga i samfunnet.
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid er det ledig eit antall stillingar som ingeniør. Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å tilsetje som seniorkonsulent.
Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Florø. Du må rekne med noko reiseverksemd i heile politidistriktet og mellom lokasjonene i Florø og Bergen. DPA bistår på vårt fagfelt i hele politidistriktet og betener en 24/7 beredskapsvakt. Stillinga er stedsplassert i Florø.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Sikring og tilrettelegging av elektroniske spor frå ulike lagringsmedier og sporstader med etablerte metoder
- Bistå med gjennomføring av innhaldsundersøking og veiledning
- Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
- Drift og oppfølging av verktøy brukt til oppgåveløysing på avsnittet
- Vere ein ressursperson, inspirator og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
- Yte bistand på fagfeltet til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt ved aksjonar og i straffesak
- Delta i opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
- Beredskapsvakter kan bli aktuelt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
For stilling som ingeniør:
- Relevant mastergrad eller,
- utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
- Relevant erfaring innen fagområdet i minimum 10 år kan erstatte kravet til utdanning
For stilling som seniorkonsulent:
- Utdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå eller tilsvarende, innan informasjonsteknologi
Felles for begge stillingar:
- God IT- og systemkunnskap
- Erfaring/interesse for arbeid med cyberkriminalitet (digital kriminalitet)
- God skriftleg og muntleg fremstillingsevne
- Beherske engelsk skriftleg og muntlig
- Nordic Computer Forensic Investigators (NCFI)-studiar frå PHS blir vektlagt - du må pårekne å ta minimum 30 studiepoeng innan 3 år etter ansettelse om du ikkje har NCFI studiar i dag
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr.
politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering,
herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring med hendingshåndtering
- Erfaring med bruk av kunstig intelligens
- Erfaring med drift og bruk av virtuelle miljø
- Utdanning innan Computer/Digital Forensics blir vektlagt
- Erfaring frå arbeid med sikring og analyse av elektroniske spor er ein fordel
- Erfaring frå programmering er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å skape resultat i samhandling med andre arbeide, byggje relasjonar og dele kompetanse.
- Evne til å vere ein god rettleiar og pedagog i høve til kollegaer og eksterne samarbeidspartar
- Er fagleg nysgjerrig og trivst i eit arbeidsmiljø prega av teknologisk utvikling og endring
Arbeider analytisk, detaljorientert og kvalitetsbevisst, og evner å sjå heilskap og samanhengar.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga vert lønna som ingeniør (SKO 1083) fra kr. 770.000,- brutto per.år, alternativt som seniorkonsulent (SKO 1363) med årslønn frå: kr. 660.000,- brutto per.år.
- Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.