Seksjonsleiar

Stilling
Seksjonsleiar
Lokasjon
Kristiansund N
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vil du vere med på å leie ei avdeling i politiet som møter publikum frå alle samfunnslag og gjer ein forskjell for den enkelte? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund vere noko for deg.

Som seksjonsleiar har du personal-, mål- og resultatansvar for seksjonen. Du vil arbeide i eit fagmiljø som brenn for kvalitet, rettstryggleik og service. Du vil ha ansvar for publikumsskranken ved Kristiansund politistasjon, der seksjonen handterer eit breitt spekter av førespurnader frå publikum, mellom anna mottak av søknader om pass og nasjonalt ID-kort. I tillegg vil du leie arbeidet med den sivile rettspleia i Kristiansund namsfogddistrikt, som omfattar heile Nordmøre. 

Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, så du må trivast med å ha mange ballar i lufta samstundes. Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt i leiarstillingar.

Oppmøtestad er Kristiansund politistasjon.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver

  • personal og resultatansvar for 1.linje forvaltning og namsfogdfunksjon
  • ansvar for å følgje opp eininga sine saker, sørgje for høg kvalitet, effektiv ressursutnyttelse, samarbeid og måloppnåelse
  • deltaker i leiargruppa ved geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal
  • ansvar for tilrettelegging for pass og ID bestilling for publikum
  • leie og utføre saksbehandling innanfor den sivile rettspleien i Nordmøre
  • deltaker i leiargruppa innafor sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt
  • utvikle godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eiga eining
  • leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørgje for systematiske forbetringar
  • bidra til samarbeid på tvers av fagområde, seksjonar og geografiske einingar for å sikre gode tenester og effektiv oppgåveløysing
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å være kvalifisert:

  • relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet.
  • relevant ledererfaring
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • vere økonomisk vederheftig. Søkjarar som blir innkalla til intervju må ta med utskrift av kredittinformasjon for å vise at ein ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett
  • førarkort klasse B
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskeleg med:

  • leiarutdanning
  • utdanning innan eller erfaring frå sivil rettspleie og forvaltning
  • relevant erfaring frå offentleg forvaltning og/eller saksbehandling
  • juridisk og økonomisk kompetanse eller forståing
  • kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS) og statleg regel- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du

  • er medarbeiderorientert og med evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar
  • er sjølvstendig og initiativrik med god evne til å prioritere
  • har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • er resultatorientert og med god gjennomføringsevne

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein meiningsfull arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
  • fast stilling som seksjonsleiar (SKO 1211) med brutto årslønn frå kr. 825 000 - kr 860 000 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida 
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
  • Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju.

Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.


Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter