Politioverbetjent ved avsnitt for digitalt politiarbeid i Bergen
Om stillinga
Digitale spor er i dag avgjerande for å oppklare dei fleste typar kriminalitet. Difor styrkjer vi satsinga vår på digitalt politiarbeid og søkjer deg som ønskjer å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, taktisk etterforsking og digital kriminalteknikk. Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at digitale bevis blir identifiserte, analyserte og utnytta på ein effektiv og rettstrygg måte. Samtidig bidreg du til å vidareutvikle politiet si kompetanse og metodar innan eitt av dei viktigaste satsingsområda våre.
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid er det ledig eit antall stillingar som politioverbetjent med funksjon som dataetterforsker. Ved interne opprykk kan det blir ledig fleire stillingar.
Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Florø. Du må rekne med noko reiseverksemd i heile politidistriktet og mellom lokasjonene i Florø og Bergen. DPA bistår på vårt fagfelt i hele politidistriktet og betener en 24/7 beredskapsvakt. Stillinga er stedsplassert i Bergen.
Oppfyller du ikke kompetansekrava til stilling som politioverbetjent kan det vurderast ansetting i stilling som politiførstebetjent. Ellers sjå utlysning for stilling som politibetjent 3/2 med funksjon som teknisk etterforskar.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Sikring og tilrettelegging av elektroniske spor frå ulike lagringsmedier og sporstader med både etablerte og avanserte metoder
- Bistå med gjennomføring av innhaldsundersøking, datateknisk undersøkelse og veiledning
- Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar.
- Drift og oppfølging av verktøy brukt til oppgåveløysing på avsnittet, samt utvikling av nye metoder.
- Vere ein ressursperson, inspirator og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
- Yte bistand på fagfeltet til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt ved aksjonar og i straffesak
- Delta i opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
- Beredskapsvakter kan bli aktuelt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
For politioverbetjent:
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan fagfeltet digital kriminalteknikk i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
For politiførstebetjent:
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan fagfeltet digital kriminalteknikk i minimum 3 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- I særlege tilfelle kan omfattande relevant erfaring og dokumentert spesialistkompetanse, opparbeidd i eller utanfor politietaten, kompensere for delar av kompetanse- og erfaringskrava
Felles for begge stillingar:
- Vitnemål frå politiskule/politihøgskule.
- Relevant erfaring frå taktisk etterforsking
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- Beherske engelsk munnleg og skriftleg
- God kjennskap til datasystema til politiet
- NCFI Core and Concepts modul 1 ved PHS eller forplikte seg til å gjennomføre snarast mogleg, samt andre relevante studier ved PHS tilsvarande 20 studiepoeng innan 3 år.
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr.
politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering,
herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
- God teknisk kompetanse innan informasjonsteknologi
- Anna relevant utdanning/erfaring innan informasjonsteknologi vil bli vektlagt
- Utdanning/erfaring med vitenskapeleg metode og/eller pedagogikk
- Vidareutdanning i etterforsking (VEF)
- Erfaring frå taktisk etterforsking av cyberretta og cyberstøtta kriminalitet
- Kunnskap om etterretning og førebygging
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å skape resultat i samhandling med andre arbeide, byggje relasjonar og dele kompetanse.
- Evne til å vere ein god rettleiar og pedagog i høve til kollegaer og eksterne samarbeidspartar
- Er fagleg nysgjerrig og trivst i eit arbeidsmiljø prega av teknologisk utvikling og endring
- Arbeider analytisk, detaljorientert og kvalitetsbevisst, og evner å sjå heilskap og samanhengar.
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og vera løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politioverbetjent med funksjon som dataetterforsker, (stillingskode 0287) med årslønn frå kr 850.000 brutto per år eller som politiførstebetjent med funksjon som dataetterforsker, (stillingskode 0285) med årslønn frå kr 770.000 brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalene i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.