Politiinspektør/driftseiningsleiar Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord
Om stillinga
Me søker ein erfaren og engasjert leiar til geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord (GDE4). Du vil bli ein del av politimeisterens leiargruppe som skal forma korleis Sør-Vest politidistrikt skal jobba i framtida. Me forventar at du bidrar aktivt til heilskapleg drift og utvikling av både politidistriktet og driftseininga du skal leia. Du bidrar til å skapa ein fleksibel organisasjon med ein kultur for å jobba og dela på tvers.
Som leier i politiet må du oppnå resultat både i dagleg drift og under kriser, setta ei klar retning, skapa oppslutning om måla og gjennomføra nødvendige endringar.
Politistasjonsdistriktet har administrasjonsstad i Sauda og dekkjer kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne, med til saman 21 100 innbyggjarar. Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune.
Stillinga er plassert i Sauda.
Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og breit tenestetilbod til innbyggjarane.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar
Di evne til å tenka og handla heilskapleg er viktig. På den måten kan du bidra til kontinuerleg utvikling av politiet og til at me utnyttar ressursane betre på tvers av geografiske og funksjonelle einingar.
Me ser etter deg som har leiarerfaring, både med fagleiing og personalansvar. Me set høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og personleg integritet. Me søker etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god representant for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Di evne til å være trygg, nærverande, lydhøyr og bygga tillit hos publikum er svært viktig for ein leiar i vår organisasjon.
Arbeidsoppgåver
- Sørga for eit godt fungerande leiarteam i driftseininga
- Budsjett-, resultat- og personal, og HMS-ansvar
- Sikra ei balansert polititeneste (førebygging, beredskap og etterforsking), som held høg kvalitet og er basert på kunnskap
- Kontakt med publikum, samhandling med kommunane og andre lokale aktørar innanfor det geografiske området
- Utvikla ønska kultur gjennom god leiing, aktivt medarbeidarskap og godt partssamarbeid
- Legga til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørga for systematiske forbetringar i polititenesta
- Sørga for god samhandling med andre driftseiningar i eige og andre politidistrikt/særorgan
- Sørga for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi, som vil letta det daglege arbeidet og støtta opp under gode arbeidsprosessar
- Bidra aktivt inn i politimeisterens leiargruppe, ved å ta ansvar for ei heilskapleg drift og utvikling av Sør-Vest politidistrikt og følga opp det som er bestemt i eiga driftseining
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å være kvalifisert:
- Politiskole/Politihøgskole eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring med personalansvar
- Leiarutdanning med minimum 30 studiepoeng eller forplikta deg til å gjennomføra slik utdanning innan avtalt tid
- God forståing for kriminalitetsførebygging, etterretning, operativt politiarbeid, etterforsking og heilskapleg arbeid i straffesakskjeda
- Kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS)
- Dokumentert gode resultat i tidlegare stillingar
- Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG.
Det er og ønskeleg med:
- Erfaring frå å leia endrings- og utviklingsprosessar
- Brei politifagleg erfaring, medrekna førebygging, etterforsking, etterretning og operativt politiarbeid
- God kunnskap om politiets rolle, oppgåver og organisasjon
- Innsikt i korleis digitalisering kan bidra til å skapa verdi i arbeidet vårt
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste for å kunne jobba i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal innhentast og leggast fram før du eventuelt kan starta i jobben. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli innhenta opplysningar om deg frå politiets register.
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i desse eigenskapane:
- Er resultatorientert og har god avgjerds- og gjennomføringsevne
- Er ein pådrivar for at heile organisasjonen jobbar systematisk med forbetring og effektivisering
- Er ein pådrivar for eit godt samarbeid mellom alle funksjonar internt og eksternt
- Har eit godt heilskapleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid
Politiet er ein open og inkluderande etat. Vi skal spegla utviklinga i samfunnet, og ønsker mangfald blant våre leiarar. Vi har ei målsetting om kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppmodar kvinner til å søke.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinene våre og medarbeiderplattform her.
Dette kan me tilby om du vel oss
- Stillinga blir lønna som politiinspektør (stillingskode 0290) med årslønn frå kr 1.228.000 kr brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av til dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.