Politifullmektig/politiadvokat
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som politifullmektig/politiadvokat med arbeidsstad i Ålesund. I tillegg kan det bli aktuelt å tilsetje ein kandidat i tilsvarande fast stilling i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Opplys i søknaden kva arbeidsstad(ar) som er aktuell(e) for deg.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til rettstryggleik og samfunnsoppdraget gjennom eit viktig og meiningsfullt arbeid med straffesaker. Saksmengda og kompleksiteten i porteføljen vil bli tilpassa erfaringa og kompetansen din, slik at du får gode moglegheiter til fagleg utvikling.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen,
Riksadvokatens mål og prioriteringar mv. blir etterlevde.
Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar.
Møre og Romsdal byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikøyring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg som motiverast av å bidra til fellesskapen og rettstryggleiken gjennom arbeid med straffesaker.
Du er fleksibel, arbeider sjølvstendig og har gode evner til kommunikasjon og samarbeid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Bestått juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid
- Prosedyreerfaring
- Utvida påtalekompetanse og god porteføljestyring (krav for å bli vurdert som politiadvokat)
Arbeidsoppgåver
- Påtaleansvarleg i tildelte saker
- Handtering av eigen portefølje
- Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
- Utføre jourteneste etter tenesteplan
- Etterforskningsleiing av straffesaker og påtalebehandling
- Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
- Kontakt med media
- Kan av leiar påleggjast andre oppgåver
Personlege eigenskaper
For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du:
- Har stor arbeidskapasitet og evne til å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- Er effektiv og har god evne til å ta avgjerder
- Har evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt fagleg og sosialt miljø
- er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, motivasjon, eignaheit i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Dyktige kollegaer som vil ditt beste, både innan påtale, politi og sivil
- Fast stilling som politifullmektig (stillingskode 0288) med årslønn frå kr 610 000 - 700 000 kr eller som politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn frå kr 700 000, for særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast.
- Godtgjersle etter gjeldande ATB for påtalejuristar og kompenserast for tida med 44 708 kr per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi-og lensmannsetaten, herunder at prøvetida er seks måneder.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når man søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder i årsrapportane sine.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.