Politiførstebetjent - teamleiar

Stilling
Politiførstebetjent - teamleder
Lokasjon
Vatne
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vi søkjer ein dyktig etterforskar til ledig 2 års vikariat  som politiførstebetjent/teamleiar ved Nordre Sunnmøre politistasjon!

Formålet med stillinga er at du skal vere med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i eininga. Du må også rekne med å delta i heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Du vil primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressursperson for andre etterforskarar ved eininga.

Det ligg også til stillinga å bli utpeikt til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.

Etterforskingsmiljøet ved Nordre Sunnmøre politistasjon er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø. Vi ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet, og dette skal forsterkast vidare. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og utfordrande arbeidsoppgåver.

Du må pårekne arbeid innan krimvakttjeneste i helg, for tida kvar 6. kvar veke.

På Sunnmøre får du storslått natur rett utanfor døra og unike moglegheiter for toppturar, skikøyring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for nye utfordringar og ein spennande arbeidskvardag i ein av Noregs flottaste regionar? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver

  • etterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
  • utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
  • kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
  • rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved eininga
  • i samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
  • bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
  • bidra i politidistriktets fagmottak samt arbeide krimvakt kvar 6. helg
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved
  • brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
  • erfaring med prosjekt- og teamarbeid
  • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne

plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med:

  • etter/-vidareutdanning innan etterforsking
  • relevant leiarerfaring er ein fordel
  • erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje

Personlege eigenskapar

  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • heilskapsorientert, og kan sette retning og drive endring
  • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • resultatorientert, herunder god gjennomføringsevne og kan skape resultat i samhandling med andre

Som medarbeider i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utfordrande og meiningsfull stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
  • stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285, med brutto årslønn frå kr. 730 000 til kr. 760 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner
Karl Idar Vik
politistasjonssjef
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter