Politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar

Stilling
Politiførstebetjent- spesialmedarbeider
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
3
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av drap, grov vald og grove seksuallovbrudd, er det ledig fleire faste stillingar  som politiførstebetjent  med funksjon som spesialmedarbeidar. Stillingane er underlagt avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrudd. Avsnittet består av 20 medarbeiderer  totalt og har som funksjon å bistå med spisskompetanse i høgt prioriterte saker.  Stillingane er distriktsovergripande og du vil vere tett på der dei mest alvorlege ugjerningane blir etterforska. Me har eit hektisk og godt fagmiljø som består av medarbeiderer i ulike aldre og av begge kjønn. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvarlig for oppfølging av arbeidsoppgåver i tildelte straffesaker
  • Prioritere etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og informasjonsbehov saman med PEL og PÅL (Politifagleg og påtalefagleg etterforskingsleiing)
  • Bidra til god fagleg kvalitet og resultatoppnåing i sakene på avsnittet
  • Gjennomgang av digitale enheter, skrive innholdsanalyse 
  • Yte fagleg rettleiing til geografiske driftseiningar ved behov
  • Bidra aktivt til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til god kommunikasjon internt og eksternt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Tjenesta inneber noko skift-og turnusrbeid


Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og ha arbeidet innan etterforsking av seksuelle overgrep i minimum 3 år. 
  • I særlege tilfelle kan omfattande relevant erfaring og dokumentert spesialistkompetanse, opparbeidd i eller utanfor politietaten, kompensere for delar av kompetanse- og erfaringskrava
  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn på internett
  • God kjennskap til politiets systemer
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr.
    politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering,
    herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå og kurs innan digitalt politiarbeid
  • Erfaring frå tilrettelagte avhøyr
  • Relevant tilleggsutdanning innan etterforsking  og seksuelle overgrep spesielt
  • Kjennskap til skjulte etterforskingsmetodar
  • God munnleg og skriftleg framføring

Personlege eigenskapar

  • Vere resultatorientert og med god gjennomføringsevne
  • Du er robust og evnar å handtere saker med alvorleg og belastande innhald over tid
  • Du evnar å prioritere, gjere gode vurderingar og ta avgjerder i ein travel arbeidshverdag
  • Du samarbeider godt med andre og byggjer gode relasjonar internt og eksternt
  • Interesse for fagutvikling og evne til å dele kunnskap med andre

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider (stillingskode 0285) med årslønn frå kr 770.000 brutto per år. Nytt gradssystem frå 2027 kan medføre endringar i stillingskode og stillingsnemning. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalene i staten. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner
Spørsmål om CV/ Søknad
Seksjon for HR
Kristine Lindebjerg Eikemo
Avsnittsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter