Politibetjent 3/2 ved avsnitt for digitalt politiarbeid i Bergen
Om stillinga
Digitale spor er i dag avgjerande for å oppklare dei fleste typar kriminalitet. Difor styrkjer vi satsinga vår på digitalt politiarbeid og søkjer deg som ønskjer å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, taktisk etterforsking og digital kriminalteknikk. Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at digitale bevis blir identifiserte, analyserte og utnytta på ein effektiv og rettstrygg måte. Samtidig bidreg du til å vidareutvikle politiet si kompetanse og metodar innan eitt av dei viktigaste satsingsområda våre.
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid er det ledig eit antall stillingar som politibetjent 3/2 med funksjon som teknisk etterforsker.
Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Florø. Du må rekne med noko reiseverksemd i heile politidistriktet og mellom lokasjonene i Florø og Bergen. DPA bistår på vårt fagfelt i hele politidistriktet og betener en 24/7 beredskapsvakt. Stillinga er stedsplassert i Bergen.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Sikring og tilrettelegging av elektroniske spor frå ulike lagringsmedier og sporstader med etablerte metoder
- Bistå med gjennomføring av innhaldsundersøking og veiledning
- Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar.
- Drift og oppfølging av verktøy brukt til oppgåveløysing på avsnittet
- Vere ein ressursperson, inspirator og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
- Yte bistand på fagfeltet til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt ved aksjonar og i straffesak
- Delta i opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
- Beredskapsvakter kan bli aktuelt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå politiskule/politihøgskule.
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3/2
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- Beherske engelsk munnleg og skriftleg
- NCFI Core and Concepts modul 1 ved PHS eller forplikte seg til å gjennomføre snarast mogleg, samt andre relevante studier ved PHS tilsvarande 20 studiepoeng innan 3 år.
- God kjennskap til datasystema til politiet
- Gjennomført obligatorisk årleg opplæring for etterforsking (HEVE), eller delta på slik opplæring etter tiltreding
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må
hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskjeleg med:
- God teknisk kompetanse innan informasjonsteknologi
- Anna relevant utdanning/erfaring innan informasjonsteknologi vil bli vektlagt
- Utdanning/erfaring med vitenskapeleg metode og/eller pedagogikk
- Erfaring frå digitalt politiarbeid og god fenomenforståing innan elektroniske spor
- Relevant erfaring frå taktisk etterforsking, også av cyberrelatert og cyberstøtta kriminalitet
- Vidareutdanning i etterforsking (VEF)
- Kunnskap om etterretning og førebygging
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å skape resultat i samhandling med andre arbeide, byggje relasjonar og dele kompetanse.
- Evne til å vere ein god rettleiar og pedagog i høve til kollegaer og eksterne samarbeidspartar
- Er fagleg nysgjerrig og trivst i eit arbeidsmiljø prega av teknologisk utvikling og endring
Arbeider analytisk, detaljorientert og kvalitetsbevisst, og evner å sjå heilskap og samanhengar.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2 (stillingskode 1461/1459) med funksjon som etterforskar, med årslønn:
- Politibetjent 3 (stillingskode 1461) frå kr. 657.500 brutto per år,-. For politibetjent 3 kommer etterforskartillegg etter gjeldende reglar i tillegg.
- Politibetjent 2 (stillingskode 1459) frå kr. 560.000,- brutto per år,-
- Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Gode arbeidsvilkår
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.