Politioverbetjent med funksjon som avhøyrer/etterforskar
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av drap, grov vald og grove seksuallovbrudd, er det ledig 1 eller fleire faste stillingar som politioverbetjent med funksjon som avhørsspesialist. Stillingane er underlagt avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrudd og avsnitt for drap og grov vald, og har som funksjon å bistå med spisskompetanse i høgt prioriterte saker. Stillingane er distriktsovergripande og du vil vere tett på der dei mest alvorlege ugjerningane blir etterforska. Me har eit hektisk og godt fagmiljø som består av medarbeiderer i ulike aldre og av begge kjønn.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Ein må pårekna noko reiseverksemd i heile politiditriktet. Ein må og rekna med noko overtid i samband med initialfasen av nye alvorlege straffesaker.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vi ser etter deg som har en spesiell interesse for avhør og avhørsmetodikk.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking i saker som er nevnt i lokal straffesaksinstruks innan seksjonens ansvarsområde
- Yte fagleg rettleiing
- Bidra til god kommunikasjon internt og eksternt
- Bidra til god fagleg kvalitet og resultatoppnåing i sakene på avsnittet, med fokus på avhør spesielt
- Prioritere etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og informasjonsbehov saman med PEL og PÅL (Politifagleg og påtalefagleg etterforskingsleiing)
- Bidra til å utvikle avhør som metode, og prøve ut til dømes nye verktøy (t.d - bruk av KI til samandrag og transkibering)
- Bidra til veiledning og opplæring innan avhør som metode
- Bidra aktivt til å skape eit godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og ha arbeidet innan relevant fagområde minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad utover politiutdanning kan kravet fråvikast
- Utdanning i KREATIV
- God kjennskap til politiets systemer
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr.
politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering,
herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju
Det er også ønskjeleg med:
- Kjennskap til og/eller erfaring fra TA (tilrettelagte avhør)
- Videreutdanning i avhør av voksne
- Annen relevant videreutdanning for fagfeltet
- God munnleg og skriftleg framføring
- Gode engelskkunnskapar og andre språkkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og med god prioriterings- og gjennomføringsevne.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, med evne til å byggje tillit.
- Evne til å rettleie andre og bidra til fagleg utvikling innan avhørsfaget
- Evne til å arbeide godt under press og handtere komplekse saker
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordranda og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med å forme framtidas politi
- Stillinga vært lønna som politioverbetjent med funksjon som avhøyrer (stillingskode 0287) med årslønn frå kr 810.000 brutto per år. Nytt gradssystem frå 2027 kan medføre endringar i stillingskode og stillingsnemningVidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalene i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.