Kriminalteknikar

Stilling
Kriminalteknikar
Lokasjon
Molde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
14. des.
Få påminnelse
28 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Er du nysgjerrig, strukturert og tolmodig? Har du evna til å sjå detaljar og vere fokusert i ulike situasjonar? Kan du setje spor, eller fråvær av spor, i ein samanheng slik at det kan kaste lys over ein hendingsgang?

Vi håpar at du som les dette med engasjement og interesse vil søkje på fast stilling som kriminalteknikar stadsplassert i Molde. Vi kan love ein givande, utfordrande og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.

Avsnitt for kriminalteknisk etterforsking er plassert ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Avsnittet har ni medarbeidarar på fire lokasjonar i politidistriktet. Vi har brei fagleg bakgrunn og mykje erfaring frå ulike sakstypar. Avsnittet dekkjer 24/7- beredskap med reserveteneste og du må kunne bidra inn i ei slik teneste. I tillegg må du rekne med å bidra i sokkelgruppa til politidistriktet. Du vil få opplæring og kurs som sørgjer for fagleg kompetanse.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter ein motivert person som er interessert i å bidra i teknisk etterforsking i distriktet. Vi stiller høge krav til fagleg interesse, motivasjon og arbeidsmoral.

Vidare søkjer vi etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver

  • gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar
  • gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar
  • samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar, og saman med etterforskingsmiljøa setje desse i samanheng
  • sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar, eksempelvis likundersøkingar og ved ID-saker
  • delta i reservetjeneste for kriminalteknisk beredskap
  • kunne hjelpe ved hendingar på kontinentalsokkelen (sokkelgruppa)
  • kan påleggast andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått politi(høg)skulen
  • vidareutdanning i kriminalteknikk 1A
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf.politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
     

Det er også ønskjeleg med

  • vidareutdanning i kriminalteknikk 1B og 1C
  • fleire vidareutdanningar og kurs innan kriminalteknikk
  • erfaring frå etterforsking og då særleg som kriminalteknikar
  • anna relevant utdanning eller erfaring

Personlege eigenskapar

  • interesse og motivasjon for fagfeltet
  • gode samarbeidsevner, då særleg i arbeid i team, då vi er eit forholdsvis lite avsnitt og jobbar mykje i faste makkerpar
  • komfortabel med å gjere eigne vurderingar og konklusjonar
  • strukturert og nøyaktig 
  • høg arbeidskapasitet og fleksibilitet knytt til oppdrag

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 690 000 - kr. 760 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 720 000 - kr. 800 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 720 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 595 000 til kr. 660 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 620 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • endringar i stillingsbenevnelser og stillingskodar må påreknast som følger av innføring av nytt gradssystem i 2027
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. 


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner
Kurt Kim Stige
Avsnittsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter