Politiførstebetjent, digital etterforsker / DPA - fagkontakt 

Stilling
DPA - Fagkontakt / E- spor etterforsker
Lokasjon
Bergen
Antall posisjoner
3
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Framtidas etterforsking er digital – vil du vere med på å utvikle den? Digitale spor er i dag avgjerande for å oppklare dei fleste typar kriminalitet. Difor styrkjer vi satsinga vår på etterforsking av digitale spor (e- spor) og søkjer deg som ønskjer å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, taktisk etterforsking og digital kriminalteknikk. Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at digitale bevis blir identifiserte, analyserte og utnytta på ein effektiv og rettstrygg måte. Samtidig bidreg du til å vidareutvikle politiet si kompetanse og metodar innan eitt av dei viktigaste satsingsområda våre.

Stillingane er mellombels plassert ved FEE-Felles eining for etterretning og etterforsking, seksjon for drap og grov vald mot barn, og grove seksuallovbrudd. Seksjonen består av to avsnitt - avsnitt for drap og grov vald (DGV), samt avsnitt for grove seksuallovbrot (SO). For tida er avsnitt for vald som opprinnelig høyrer til ved GDE BAØ (Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden) ("GDE Vald) melombels slått saman med FEE DGV.  Ved  samtlege avsnitt er det ledig eit antall stillingar som politiførstebetjent med funksjon som etterforsker av elektroniske spor, der nokre vil kunne få funksjon som fagkontakt. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Være bindeleddet mellom den taktiske og tekniske etterforskninga
  • Sikring og tilrettelegging av elektroniske spor frå ulike lagringsmedier og sporstader ut frå kompetanse
  • Gjennomgang og sammenstilling av e - spor.
  • Bistå med gjennomføring av innhaldsanalyse og veiledning
  • Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
  • Vere ein ressursperson, inspirator og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
  • Yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt ved aksjonar
  • Delta i opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Nokre av stillingane vil kunne få rolla som "DPA - fagkontakt", og fungere som et bindeledd mellom DPA og den taktiske etterforskningeiniga dei tilhøyrer. 


Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå politiskule/politihøgskule
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan fagfeltet i minimum 3 år
  • I særlege tilfelle kan omfattande relevant erfaring og dokumentert spesialistkompetanse, opparbeidd i eller utanfor politietaten, kompensere for delar av kompetanse- og erfaringskrava
  • Relevant erfaring frå taktisk etterforsking
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • Beherske engelsk munnleg og skriftleg
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr.
    politiloven§ 18 og politiregisterloven§ 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering,
    herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Vidareutdanning i etterforsking (til dømes VEF)
  • Anna relevant utdanning innan teknologi
  • Erfaring frå digitalt politiarbeid og god fenomenforståing innan digitale spor
  • Kunnskap om etterretning og førebygging

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og vera løysingsorientert med god gjennomføringsevne.
  • Evne til å skape resultat i samhandling med andre
  • Evne til å byggje relasjonar, rettleie andre og bidra til kompetansedeling og fagutvikling
  • Nysgjerrig og utviklingsorientert, og trivast i eit fagfelt prega av kontinuerleg endring

    Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar (stillingskode 0285), frå kr 770.000,- brutto per år. Nytt gradssystem frå 2027 kan medføre endringar i stillingskode og stillingsnemning. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette


Kontaktpersoner
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV
Seksjon for HR
Frode Meling Karlsen
Seksjonsleder
Sølvi Vetås
Avsnittsleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter