Sjukepleiar- 80% fast stilling
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike?
Avdeling Juvike er ei demensavdeling på Øystre Slidre helsetun. På helsetunet er det 2 langtidsavdelingar, 1 korttidsavdeling, heimeteneste, omsorgsbustader og institusjonskjøken. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med dei andre avdelingane Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi held til i nye og moderne lokale. Øystre Slidre helsetun ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområd
Vi har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar.
Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
- Varierte arbeidsoppgåver som mellom anna består av å gje helsehjelp og miljøarbeid
- Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
- Det er sterkt ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg
- Gode norskkunnskapar
- Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
- Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
- Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
- Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- Kompetanseheving
- Opplæring i fagsystem
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Anne Bråthen, Avdelingsleiar institusjon, +47 91993201Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5205592022
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026