Pedagogisk leiar i barnehagen
Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Øystre Slidre kommune søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne barnehage har 110 plassar. Visjonen til barnehagen er "for barna". Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Beito barnehage har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv.
Øystre Slidre kommune har fokus på trygt og godt barnehage og skulemiljø og er i avsluttande fase i Læringsmiljøprosjekt. Dette er eit prosjekt i samarbeid med læringsmiljøsenteret og UDIR, der arbeid både er på individ, gruppe og system.
Det er no ledig følgjande stillingar;
Beito barnehage:
100% vikariat frå 1.1.2027 til 10.08.2027
Rogne barnehage:
100% vikariat frå d.d. til 16.03.2027
50% mellombels tilsetjing frå d.d. til 10.08.2027
Eventuelt andre stillingar stillingar som kan bli ledige
Barnehagane har også behov for tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
- Legge tilrette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barn
- Delta i det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkelt barn og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og daglege aktivitetar med barna
- Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen, og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet
- Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
- Samarbeide med og rettleie kollegaer
- Ansvar for å legge tilrette for eit tett foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant utdanning, kan bli vurdert om det ikkje er søkjarar med barnehageutdanning
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein til tider hektisk kvardag
- Ha humor og glede og vere påliteleg
- Evne til å takle det upårekna og evne til å improvisere ein del, sidan det kan oppstå situasjonar der det ikkje finns eit fasitsvar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Telefongodgjøring
- Arbeidstøy
- Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar
- Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, 99500955Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, +47 95733837
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5197456702
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar, Engasjement
Søknadsfrist: 11.11.2026