Miljøarbeidar (tilkalling) i integreringstenesta – oppfølging av einslege mindreårige flyktningar
Vil du bidra til at unge flyktningar får ein trygg og god start i Øystre Slidre kommune?
Kommunen skal for første gong busetje einslege mindreårige flyktningar, og vi søkjer no etter 1-3 engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og inkludering for ungdommane.
Ungdommane skal bu i eit bufellesskap og vil i stor grad meistre kvardagen sjølve. Vi søkjer etter trygge og omsorgsfulle vaksne som kan vere gode støttespelarar i kvardagen, både i bufellesskapet og ute i lokalsamfunnet.
Kommunen arbeider med å etablere eit tilbod for einslege mindreårige flyktningar. Busetjing er planlagt veke 46-47, men føreset at nødvendig bemanning er på plass. Oppstart for tilkallingsvikarane vil skje etter nærare avtale, truleg i november.
Intervju er planlagt til torsdag 22.10.26.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov, men kan mellom anna omfatte:
- vere ein trygg vaksenperson og samtalepartnar
- køyre ungdommane til avtalar og fritidsaktivitetar
- planleggje, lage og ete middag saman med ungdommane
- motivere til og følgje opp reinhald og orden i bufellesskapet
- gje praktisk støtte og rettleiing i daglege gjeremål ved behov
- bidra til sosial inkludering og deltaking i lokalsamfunnet
- samarbeide med tilsette i integreringstenesta og andre relevante samarbeidspartnarar ved behov
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du:
- har fullført vidaregåande opplæring
- har førarkort klasse B
- har god munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande omtrent nivå B1eller høgare
Det er ein fordel om du:
- har erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar eller med miljøarbeid
- snakkar ukrainsk og/eller russisk
- har relevant utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er trygg, omsorgsfull og relasjonsskapande
- har evne til å motivere og rettleie ungdom til å meistre kvardagen
- er sjølvstendig og tek ansvar
- er fleksibel og kan stille opp ved behov
- samarbeider godt med andre
- har forståing for kulturforskjellar og eit inkluderande menneskesyn
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
- moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet
- fleksibelt arbeid etter behov
- opplæring og rettleiing
- løn etter gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Nina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, +47 90114575Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5186309789
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 18.10.2026