Kokk- tilkallingsvikar på Øystre Slidre helsetun
Stilling
Kokk- tilkallingsvikar på Øystre Slidre helsetun
Lokasjon
Heggenes
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Øystre Slidre helsetun søkjer fleire tilkallingsvikarar som kan jobbe hjå oss på kjøkkenet i feriar og ved fråvær. Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev, men andre med relevant erfaring kan også søkje.
Arbeidsstad er på Heggenes. Lokala på helsetunet er nye og moderne, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på helsetunet. Som kokk er du med og bidreg til at dei som treng det får eit godt tenestetilbod.
Kandidatar blir vurdert og kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Tilbereding av mat til bebuarar på helsetunet, og til heimebuande med vedtak om matombringing
- Tilbereding av mat til kantine for tilsette
- Andre oppgåver som høyrer til kjøkkendrifta
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med fagbrev som institusjonskokk/ernæringskokk eller kokk. Personar utan fagbrev, men med relevant erfaring og interesse for faget, kan også søkje
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig på kjøkkenet, m.a. på helg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vera løysningsorientert
- Vera fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Nødvendig opplæring og veiledning
- Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
Kontaktinformasjon
Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5194028420
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 15.11.2026
Kontaktpersoner
Anne Bråthen
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.