Kjøkkenassistent og vikar i Beito barnehage

Stilling
Kjøkkenassistent og vikar i Beito barnehage
Lokasjon
Heggenes
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Engasjement
Publisert
I dag
Søknadsfrist
15. okt.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar.
Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv.  I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.   
 
Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027.
Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid.

Stillinga kan kombinerast med vikartimar på avdeling.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj
  • Vaske og rydde opp etter måltid
  •  Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett
  • Vikartimar på avdeling kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Vi stiller ingen  formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har  interesse for å jobbe med barn
  • Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke
  • Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt
  • Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30
  • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga

Personlege eigenskapar

  • Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen
  • Vere påliteleg og pliktoppfyllande
  • Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver
  • Ha humor og glede i arbeidskvardagen

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga
  • Lønn etter kommunal tariff

Kontaktinformasjon

Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5184957191
Stillingsprosent: 24, 0%
Engasjement, Vikar
Søknadsfrist: 15.10.2026

Kontaktpersoner
Dagny Viola Björklöf
Styrar Beito barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter