Fysioterapeut- 80% fast stilling

Stilling
Fysioterapeut- 80% fast stilling
Lokasjon
Heggenes
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge.
Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår.
Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset.
Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper.
Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av barn og unge ved helsestasjon, skule og barnehage
  •  Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  •  Bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet
  •  Fysikalsk behandling og målretta rehabilitering i brukaren sin heim ved behov
  •  Kurativ behandling av enkeltpersonar og leiing av gruppebasert trening for vaksne og eldre ved Helsetunet
  •  Vere koordinator for barn med samansette behov
  •  Samarbeide med ergoterapeut om formidling av hjelpemiddel

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad i fysioterapi
  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Det er ønskjeleg med etter- og/eller vidareutdanning innan fysioterapi for barn og unge
  • Erfaring som instruktør for styrke- og balansegupper er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort og tilgang til eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, motivert og engasjert
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre
  • Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Du er ansvarsmedviten, initiativrik og har ei positiv haldning til tverrfagleg samarbeid
  • Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar
  •  Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling

Kontaktinformasjon

Gina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5207598019
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026

Kontaktpersoner
Gina Kvale Myreng
Avdelingsleiar helsetenesta
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter