Resepsjonist (80% vikariat)

Stilling
Resepsjonist (80% vikariat)
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får møte menneske og bidra til viktige samfunnsoppgåver?
Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig eit 80 % vikariat i resepsjonen ved kyrkjekontoret på Straume. Vikariatet er i første omgang på kort sikt, med moglegheit for forlenging. Det kan også vere aktuelt med vidare arbeid som tilkallingsvikar.
Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og inneber varierte administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.
Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Om stillinga
Stillinga er hovudsakleg kontorbasert og omfattar administrative oppgåver innan resepsjon, gravferdsforvaltning, gravplassadministrasjon og utleige.
Du vil ha jamleg kontakt med publikum, pårørande, gravferdsbyrå og andre samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen kan vere variert og til tider hektisk, med mange førespurnader, hyppige avbrot og behov for å prioritere og omstille seg undervegs.


Arbeidsoppgåver

  • Svare på telefonar, e-postar og førespurnader frå publikum og samarbeidspartnarar
  • Ta imot og vidareformidle post og andre førespurnader
  • Motta og registrere gravferdsmeldingar
  • Koordinering av gravferder og oppdatering av kalendrar
  • Registrering og oppfølging i gravregistersystemet
  • Administrasjon av graver, mellom anna tildeling, sletting og endring av festeansvar
  • Fakturering av avgifter og tenester
  • Administrasjon av utleige, nøklar og tilgangar
  • Registrering og kontroll av fakturaer og kreditnotaer
  • Vedlikehald av register og arkiv
  • Andre førefallande administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan kontor, administrasjon eller service er ønskjeleg
  • Relevant erfaring frå resepsjon, kundeservice eller administrativt arbeid er ein fordel
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye datasystem
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring med kundebehandling og publikumskontakt er ønskjeleg
  • Kjennskap til offentleg forvaltning eller gravplassadministrasjon er ein fordel

Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein medarbeidar som:
  • Er serviceinnstilt og møter menneske med respekt og omsorg
  • Arbeider strukturert og nøyaktig, også i ein travel arbeidskvardag
  • Er sjølvstendig, fleksibel og tek initiativ
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar
  • Evnar å handtere fleire oppgåver samstundes og prioritere ved behov
  • Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Eit variert og meiningsfullt arbeid med viktige samfunnsoppgåver
  • Ein arbeidskvardag med både administrative oppgåver og publikumskontakt
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forlenging av vikariatet og vidare arbeid som tilkallingsvikar
  • Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon
  • Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530
Kari Sandøy Rong, kontroleiar, 93629159

Arbeidssted

Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5211759011
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Kari Sandøy Rong
kontroleiar
Annlaug Børve
Kyrkjeverje
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter