Heimetenesta

Stilling
Vikariat som avdelingsleiar 100%
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
12. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy.

Tenesta er organisert med to avdelingsleiarar i kvar avdeling. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Som avdelingsleiar vil du møte mange spennande og varierte oppgåver.

Ein del av primæroppgåvene er:

  • Ansvar for innhald, kvalitet og utvikling av tenestetilbod i samband med einingsleiar
  • Delegert personal- og fagansvar
  • Medverka til at brukar mottek tenester dei har krav på ut frå behov, vedtak og avtaler
  • Ansvar for dagleg drift og tilrettelegging av tenesta
  • Relasjonsorientert og endringsbasert leiing
  • Ansvar for oppgåver som til ein kvar tid måtte bli delegert frå einingsleiar

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning
  • Leiarerfaring frå heimetenesta er eit krav
  • Evne til å samarbeide i leiarteam
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode datakunnskapar generelt og erfaring med bruk av fagsystem, turnusprogram m.m.
  • Evne til å gripe moglegheiter og oppnå resultat, åleine og saman med andre
  • Førarkort

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein leiar som har evne til å sjå medarbeidarar, som klarer å utvikle seg sjølv og sine tilsette. Ein leiar som er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til arbeidsglede. Ein leiar  som evner å byggje felles kultur samt finne gode løysingar innanfor gjeldande rammer av fag, kvalitet og økonomi. Som ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig.

Som leiar arbeider du administrativt, og det blir viktig at du engasjerer deg i dei faglege utfordringane i tenesta. Du må vere systematisk, strukturert, kunne arbeide sjølvstendig og ta slutningar. Vi ynskjer ein leiar som trivs med, og som er positiv og initiativrik i høve endringar.

Om stillinga:

Vikariatet er ledig frå 01.12.2026 – 30.11.2027

Stillinga er på dagtid

Vi tilbyr:

Kontakt

Ass. Einingsleiar Kate S Løland 56 16 05 02 / 950 71 121

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter