Rektor Toftøy skule

Stilling
Rektor Toftøy skule
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
26. nov.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Toftøy skule er ein barneskule med i underkant av 140 elevar og om lag 25 tilsette. Skulen sine satsingsfelt har vore lesing, klasseleiing og trygge og gode skulemiljø. For skulen har det vore viktig å ha fokus på tidleg innsats og har eit aktivt BTI-team (Betre Tverrfagleg innsats) på skulen, slik at dei kan styrke beskyttelsesfaktorar og redusere risikofaktorar for elevane. Eleven som ressurs for fellesskapet har og vore eit viktig område for skulen å utforske nærare. Skulen har markert seg med å vere blant skulane i Noreg som har gjort det best i Mattemaraton. SFO er ein godt integrert del av skulen si verksemd, og har hatt eit solid fokus på kvalitetsutvikling.

Skulen har nynorsk som målform.

Toftøy skule ligg om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum.

Er du den inkluderande leiaren som Toftøy skule treng ?

Som rektor hos oss får du eit heilskapleg ansvar for eigen skule saman med leiarteamet ditt. Det er ein avdelingsleiarar og SFO-leiar saman med rektor i leiarteamet.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteamet
  • Økonomiansvar 
  • Forvaltningsoppgåver 
  • Overordna personalansvar 
  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon 
  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå 
  • Samarbeid med andre instansar 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Leiarerfaring frå grunnskulen
  • Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse er naudsynt for stillinga

Ønskjeleg med:

  • Relevant leiarutdanning 
  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring 
  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging 

Vi ser etter deg som: 

  • Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering 
  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede 
  • Har evne til å samarbeide, lytte , rettleie og skape gode relasjonar 
  • Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter