Rektor - Ågotnes skule

Stilling
Rektor - Ågotnes skule
Lokasjon
Straume
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ågotnes skule er ein barneskule med 240 elevar og om lag 45 tilsette. Skulen sin visjon er: «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære».  Gjennom denne visjonen har skulen vektlagt lesing som satsingsfelt i fleire år og arbeidd systematisk med å vidareutvikle eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø på skulen. Ågotnes har mellom anna vore med i ein pilot om utprøving av programmet SUPER! og har blitt sertifisert som ein Dysleksivennleg skule. Arbeidet i SFO er ein viktig del av det heilskaplege arbeidet på skulen.

Skulen har nynorsk som målform.

Som namnet tilseier så ligg skulen på Ågotnes , om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum, og bussterminal like ved skulen.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteamet
  • Økonomiansvar 
  • Forvaltningsoppgåver 
  • Overordna personalansvar 
  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon 
  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå 
  • Samarbeid med andre instansar 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Leiarerfaring frå grunnskulen
  • Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Digital kompetanse er naudsynt for stillinga

Ønskjeleg med:

  • Relevant leiarutdanning 
  • Erfaring innan personalleiing og økonomistyring 
  • Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging

Vi ser etter deg som: 

  • Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering 
  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede 
  • Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar 
  • Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter