Gangstø ressurssenter
Om avdelinga
Vi søkjer miljørettleiar i 89% fast stilling med snarleg oppstart.
Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling.
Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev.
Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser. Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utanfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe lærar i undervisning og ha ansvar for mindre grupper
- Planleggje og gjennomføre alternative aktivitetar med elevane
- Utarbeide tiltak og planar for auka livsmeistring og styrking av sosial kompetanse
- Følgje opp elevar i lærings- og aktivitetssituasjonar
- Bidra til eit trygt, inkluderande og positivt skulemiljø
- Utføre praktiske oppgåver, mellom anna transport av elevar og anna førefallande arbeid
- Samarbeide med føresette og andre faginstansar rundt eleven
- Det kan vere arbeid på ettermiddag eller kveld ved behov
Kvalifikasjonar
Må ha
- Relevant utdanning innan pedagogikk, sosialfag, helse- og oppvekstfag eller tilsvarande
Ønskjeleg med
- Erfaring frå arbeid med elevar som har samansette behov
- Erfaring frå relasjonsarbeid
- Erfaring frå arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar i eigen arbeidskvardag
- Har gode samarbeidsevner og vilje til å bidra til eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Kan handtere stress og uføresette hendingar i arbeidskvardagen
- Har evne til å stå i utfordrande åtferd og krevjande situasjonar på ein trygg og profesjonell måte
- Vere ein trygg, varm og tydeleg vaksen i møte med ungdom
- Har evne og vilje til å byggje gode relasjonar
- Arbeider fleksibelt, målretta og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Anna
- Krav om førarkort klasse B
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
- Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar
- Stillingen føl skuleruta og derfor er det trekk på 11 %.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Gunhild Fjell: 984 04 922
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no
Merete Ingebrigtsen
merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her