Terna avlastning
Om Terna avlasting:
Terna avlasting gir avlasting til familiar med barn og unge med nedsett funksjonsevne. Vi legg stor vekt på å gi trygg og god avlasting tilpassa den enkelte, med fokus på meistring, trivsel, aktivitet og gode relasjonar.
Stillinga er knytt til årsplan med 16 helger i året, nattevaktane er på 11 timer. Ei 25 % stilling kan passe godt for deg som ønskjer å kombinere denne jobben med studium, annan jobb eller andre aktivitetar.
Vil du vere med på å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for barn og unge? Terna avlasting på Rong søkjer ein engasjert og omsorgsfull miljøarbeidar i 25 % fast stilling.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du saman med gode kollegaer bidreg til at barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar får tryggleik, gode opplevingar og individuelt tilpassa oppfølging.
Arbeidsoppgåver:
- bidra til tryggleik, trivsel og gode opplevingar for barn og unge
- utføre stell og pleie
- drive miljøarbeid med barn og unge med ulike diagnosar og ulik grad av somatisk kompleksitet
- følgje opp medisinar i tråd med gjeldande rutinar
- Like å jobbe selvstendig
- bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurderte dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
Ønskjeleg med:
- erfaring frå arbeid med barn og unge med nedsett funksjonsevne
- erfaring med miljøarbeid, stell og pleie
- interesse for å skape aktivitet, meistring og gode opplevingar saman med barn og unge
Personlege eigenskapar:
- Du har gode samarbeidsevner, og kan jobba både sjølvstendig og i team
- Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
- Du bidrar positivt, har godt humør og trivast med varierte oppgåver
- Du evner å handtere hektiske arbeidsdagar når det er nødvendig
- Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ein trygg og god avlastingskvardag? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontakt:
Avdelingsleiar: Helene Jentoft, Terna avlasting Tlf. 990 86 598
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her